Norheimsund og Øystese ungdomskor:

Ungdomskoret er eit fint tilbod til deg som likar å synge. Koret har øving ein gong i veka og opptrer på nokre konsertar. For nærare informasjon sjekk ut: http://www.bedehusweb.no/ungdomskor/

Origo ungdomsklubb

(logo)

Origo er ein ungdomsklubb med fokus på fellesskap med Gud. Dei arrangerar spelekveldar, ”gospelnight” og diverse andre aktivitetar. Supert tilbod for deg som likar å vera sosial. Heimesida deira er: www.origo-ungdomsklubb.no (Tidlegare http://www.origo-ungdomsklubb.no/)

KRIK Kvam

KRIK tyder Kristen idrettskontakt. På KRIK får du drive med diverse sportsaktivitetar, samstundes som du får ha det sosialt og morosamt i eit triveleg miljø. Vil du vite meir: http://www.bedehusweb.no/krik/ (tildigere www.krikkvam.net)

Ridning

(bilde)

15 minuttar frå Framnes med bil finn du Børve. Børve er eit stort hestesenter med 50 hestar. Her er det mogleg å ri, både for erfarne og mindre erfarne ryttarar. For nærare informasjon sjekk ut heimesida: www.borvegard.no

Basketball

Ein gong i veka er det basketballtrening i Øystese (ti minuttar frå Framnes). Her kan både folk som kan spele frå før og folk som vil læra seg det ha det morosamt saman.

Fotball

(bilde)

Fotball er svært populært i Kvam. Me har fleire fotballag både for jenter og gutar. Treningane foregår på kunstgrasbanen i Norheimsund. Verkar dette intressant: www.norheimsund.no

Andre tilbod

  • Golf
  • Bowling
  • Segling
  • Volleyball
  • Korps
  • Klatring
  • Kajakk