Advendtskalender både her og der PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Webmaster   
fredag 04. desember 2009 00:00

AdventIngen adventstid utan julekalender vel? Nei, på ingen måte. Det har til og med postbudet som kjem til skulen fått merke på kroppen! Lassevis med pakker til alle dei som har spurt mor så fint om ikkje dei kan få ein julekalender i posten...

Sjå kva som gøymer seg under første luka i julekalenderkonkurransen til www.framnes.vgs.no og du kan bli RIK! Men, det er ikkje berre her det er adventskalender! Les vidare så får du vite kvar du finn ein skikkelig godbit..!

I dag lanseres ein julekalender som skal gå kvar dag fram mot jul der DU der heime kan gjette kva for ein person som har fått andletet dradd og vridd på.

Førstemann/kvinne som sender riktig svar til webmaster(krøllalfa)framnes.vgs.no innan 22.00 same dag, vinn eit stk. flaxlodd. Hugs namn og adresse om du ikkje bur/går på Framnes!

I tillegg til denne henger det også ein kalender i hallen på skulen. Det er eit bilete som er dekt til med lappar med nummer på. Kvar vekedag fram til juleferien, vil ein få sjå meir og meir av andletet til personen. Førstemann som tipper rett person vinn ein storflott premie (førebels uavklart kva). Send ein epost til webmaster(krøllalfa)framnes.vgs.no med namn på kven du trur det kan være, så kan kanskje DU bli den heldige vinnaren! OBS: Det er kun lov å gjette ein gong! Vinnaren vert presentert på juleavslutninga.

Dagens luke ser du her:
Lukke til!

Kven er dette?

 

 
RocketTheme Joomla Templates