Skuleplan PDF Skriv ut E-post
skuleplan

Studieretningar:

Studiespesialiserande utdanningsprogram:

  • Vg 1 – 1. klasse
  • Vg 2 – 2. klasse
  • Vg 3 – 3. klasse

Utdanningsprogram for idrettsfag:

  • Vg 1 – 1. klasse
  • Vg 2 – 2. klasse
  • Vg 3 – 3. klasse

Studiespesialisering

Bakgrunn
Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Fyrste året har du berre fellesfag. Det andre året  må du velje fordjuping innan eit av programområda  realfag eller samfunnsfag/økonomi/språkfag.

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studiar ved høgskuler og universitet. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som vert krevd før du gjer dine val av programområde og fag. (Alle timar er oppgitt som 45 min. timar.)

Timefordeling

* Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen (t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Då kan du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse.

Felles og valfrie programfag på Vg2 og Vg3 (15 timar/veke)
Du må velje eit av programområda nedanfor:

Timefordeling

Du må velje minst 2 fag frå det programområdet du vel. Dei faga må du ha i både andre og tredje klasse. Totalt 20 veketimar. Dei  siste 10 timane kan du velje frå det andre programområdet. Her kan du òg velje fylgjande fag frå utdanningsprogram for idrettsfag:

Utdanningsprogram for idrettsfag

  • 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra).
  • 5t Friluftsliv (Vg2 og Vg3)

Idrettsfag

Bakgrunn
Du som vel idrettsfag, bør vere glad i trening og fysisk aktivitet, men du må også like å arbeide med teoretiske fag. Skulane kan spesialisere seg på idrettar, men du kan ikkje få tilbod om alle idrettar. Du kan velje fordjuping innan programfaga toppidrett (fotball), breiddeidrett og friluftsliv. (Alle timar er oppgitt som 45 min. timar.)

Timefordeling

* Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen (t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Då kan du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse.

Utdanningsprogrammet har som føremål å gje elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning, samt å gje talentfulle idrettsutøvarar moglegheit til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gjev grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innafor idretts- og friluftsliv, spesielt barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, som gjev deg grunnlag for å søkje dei fleste studie ved høgskular og universitet, for eksempel ved idrettshøgskulen.

Stipend og lån:

Elevane på Framnes får stipend og lån av lånekassa som elevar ved offentlege skular. Bortebuarstipendet skuleåret 2009/10 er på kr. 3.710,- pr. mnd. I tillegg kjem utstyrsstipend pr. år på kr. 850,- for studiespesialisering og kr. 2750,- for idrettsfag. Satsane kan bli endra til neste skuleår.

Inntak:

Elevane blir tatt inn på grunnlag av karakterar. Det kan gjevast tilleggspoeng for alder, skulegang og leiaroppgåver innafor frivillig organisasjonsarbeid. Elevar som søker idrettsfag og har deltatt på krins- eller landsnivå i idrettar Framnes har, kan bli prioritert. Søknaden må dokumenterast med godkjent karakterutskrift. Du må òg dokumentere evt. krav om tilleggspoeng og høgt idrettsfagleg nivå.

Aktivitetstilbod:

Vakker natur omkransar skulen og innbyr til varierte turar heile året.
Skulen har symjebasseng, gymsal, styrkerom, sandvolleyballbane, fotballbane og lesesal. Godt samarbeid med idrettslag og ungdomskor i bygda.
Det blir arrangert møte, sosiale samlingar og andre aktivitetar der elevar og personalet tek del.

Velkommen som søkjar til Framnes Kristne Vidaregåande Skule !

 
RocketTheme Joomla Templates