Elevlaget

- staden for gode minner, re-union, fellesskap, ”gamle dagar” med meir -

 

Kven er me?

Elevlaget er eit lag som har som mål å fremja at kontakten til Framnes vert oppretthalden etter at tida som elev eller tilsett er over. Elevlaget sitt styre er ein gjeng samansett av tidlegare elevar, noverande og tidlegare tilsette. Samstundes samarbeider me tett med husmor, rektor og andre tilsette ved skulen.

 

Elevlagsstyret:

Per Helleve (formann)
Jostein Moldsvor

 Øystein Mongstad



Ljosglytt (redaksjon)

Lars Arvid Oma (redaktør)
Jostein Moldsvor
Per Helleve
Øystein Mongstad


Kva vil me?

- Styrkje samkjensla blant tidlegare elevar ved Framnes. Knyte kontakt til skulen, kanskje mange år etter ein var på staden sist.
- Støtte elevretta-arbeid ved skulen i dag, ved t.d. økonomiske bidrag.
- Me ynskjer å nå ut til alle ”framnesingar” der ute med bladet vårt Ljosglytt og info om den årlege Elevstevna (vert arrangert kvart år i juni månad).

 

Kvifor?

Utan elevar ville ikkje Framnes vore den skulen den er i dag. Elevlaget vil vera med i arbeidet for ein god skule for dagens elevar og bidra til rekrutering. Me vil vera med å laga møtestadar for ”framnesingar” i åra etter Framnestida. Arbeidet vårt skal visa kor viktig Jesus er i kvardagen og i arbeidet ved Framnes.

 

Medlem?

Alle som har vore elevar ved skulen og tilsette ved skulen er medlemmar.

 

Ta gjerne kontakt med skulen for å få meir informasjon om Elevlaget. Me treng deg i det vidare arbeidet!