Elevstevnet 2010 PDF Skriv ut E-post
Informasjon
Skrevet av Webmaster   
mandag 03. mai 2010 14:50

Snart er det klart for årets elvstemne igjen. Programmet kan du finne her:

VELKOMMEN TIL ELEVSTEMNE 18.-20.06.10

 

Program:

Fredag, 18.06.:
Kl. 19.00-20.00:    Kveldsmat

Laurdag, 19.06.:
Kl. 09.00-09.30:    Frukost   
Kl. 10.00-13.00:    Innkvartering
Kl. 12.30-13.30:    Lunsj
Kl. 14.30-17.00:    Jubilantsamlingar
m/kaffi
Kl. 18.00:        Festmiddag
Kl. 19.30:        Festsamvær
Festtalar:
Valgerd Svarstad Haugland
Musikalsk innslag:
Audun Galtung og
Torgeir Kinne Solsvik

Kaffipause
Minneinnslag ved jubilantkull
Kl. 23.30:        Bål på ”Neset” og
sal av brus og pølser

Sundag, 20.06.:
Kl. 09.00-10.00:    Frukost
Kl. 11:00:        Søndagsmøte
Talar:
Jakob Aasebø
Song av:
Håkon Kalvenes
Kl. 12.30:        Middag  og avslutning


Vi ynskjer fylgjande opplysningar ved påmelding:

  • Namn
  • Adr.
  • Jubilant
  • Tlf.nr.
  • Email
  • Ynskjer å bu saman med

Skriv og om du ynskjer å leige sengetøy (80kr) eller om du tek med sengetøy/soovepose og kva dag du kjem.


Prisen på heile stemnet er kr. 550,-
(frå lunsj laurdag til og med middag sundag)
Kr. 50,- av desse går til Elevlaget sitt arbeid.

Enkeltprisar:
Kvelds fred:           80/-      Overnatting                      100/-  
Frukost laurd.:           80/-    
Lunsj laurd.:           100/-    
Festmiddag:           160/- 
Frukost sund.:           80/-     
Middag sund.:           120/-     

Påmelding til elevstemnet seinast 14. juni (før kl. 15.00) tlf. 56 55 05 00 eller på e-post.



Ein liten presentasjon:

Valgerd Svarstad Haugland
-  trakka sine barndomsår på Framnes som lærarbarn.
I dag er ho kyrkjeverge i Oslo, etter mange år i norsk politikk.  

Torgeir Kinne Solsvik
-pianist og musikar, har vore elev ved Framnes.

Audun Galtung
- tidlegare folkehøgskulelærar ved Framnes, spelar fiolin.

Jakob Aasebø
- 50årsjubilant

Håkon Kalvenes
- 10årsjubilant som viar liv og tid til musikk og lovsong, kjem frå Austevoll

Litt om elevstemnet

Me gler oss over å kunna ynskja deg velkommen attende til ”gamle tomter”, der du kan kosa deg saman med gamle klassekameratar og dela både minner og mat for sjela. Mange opplever at tida er knapp denne helga, og fylt med mykje program. Elevlaget ynskjer å gje alle som kjem eit innhald samtidig som det skal vera tid for alle minner og livserfaringar. Me oppfordrar jubilantkulla til sjølv å setje av tid inni mellom programmet, det vil vera muleg å benytta klasserom, peisestova og andre areal utenom oppsette tider. Romma er merka med jubilantkull. Ved lunsjen og festmiddagen laurdag er borda for dei ulike jubilantkulla.

JUBILANTKULL:

5 år     – 2005russekullet
10 år    - 2000russekullet
20 år    - 1989/90
30 år    - 1979/80
40 år    - 1969/70
50 år    - 1959/60
60 år    - 1949/50

Alle andre jubilantar og tilsette er hjarteleg velkomne. Det gjeld og for elevar som har gått delar av skuleåret ved Framnes.

Tida er igjen inne for mimring og vi ynskjer å få  flest mogeleg til å vera med på den.
Men det er vanskeleg å finna adressa til alle. Vi ber dykk difor gjera elevstemnet kjent for dei som de gjekk saman med, og oppfordrar dei ulike kulla til å koma med ei kort helsing eller eit godt minne frå Framnestida i festsamværet laurdag.

Elevlaget oppfordrar alle jubilantar som ynskjer det, å nytta bunad eller anna festdrakt på festen laurdag! Ein gamal tradisjon det er moro å gjenoppta.


 
RocketTheme Joomla Templates