Referatet må bli sendt ut tidlegare.

Frå sist referat:

Ventilasjonsanlegget i rom 4 – 7. Vedlikehaldsleiar hentar inn prisar. Men det må sjåast i samanheng med evt. framtidig bygging. Men må òg sjå på ventilasjonsanleggett på kort sikt.

Leksehjelp: Har vore etterspurt i realfag. Skal prøve å sette i gang raskt no. Dessutan vil me sjå på det i litt meir organiserte former til hausten igjen.

(Idè frå Tryggheim: 2 ettermiddagar i veka kl. 16 – 18. Lærarar som ikkje går tilsyn har ein dag kvar i veka. Kalle det studierom, og ikkje leksehjelp. Organisere kollokviegrupper blant elevane?)

Klassesamlingane: Foreldrekontaktane kan gjere litt. Men for at klassesamlingane skal fungere bra, så må kontaktlærarane hjelpe til/organisere.

Idear til tema for gruppearbeida i klassane: Fag/skule, læring, internat, nettet, mat, andre utfordringar. Skriv både positive og negative ting. Lage til litt forskjellig opplegg for Vg1, Vg2 og Vg3? Kontaktlærarane må koordinere desse klassesamlingane: Kva fag er avsluttande? Fortelje om kva klassa har gjort på i det siste. Vise bilder frå turar. Intervjue elevar, to og to, slik at foreldre blir kjent med elevane.

Innspel frå klassane:
1A: Mykje støy i matsalen. (Me har no hatt lydplater i endeveggane, men har for liten effekt. Vurderer lydplater i himling.) Hektisk skuledag med lite pausar, men vil ikkje starte tidlegare, og ikkje slutte seinare. Litt lite variasjon i pålegg til lunch. For lite frukt, slik at dei som kjem sist ikkje får. Etterlyser strøing (glatt) i Gimlebakken. Litt dårleg luft i klasseromma i gamlesalen. Ved lufting blir det raskt for kaldt. Når elevar er sjuk får dei for lite oppfølging. Husmor kjem innom ein gong om dagen, og så ligg dei aleine resten av dagen. Vil ha ein overnattingstur for å spleise saman klassemiljøet.

1B: Internett er seint og fell ofte ut. (Går an å stenge for spel og film i skuletida?) Ønske å slutte tidlegare på fredagane. Kutte ned på morgonsamlinga på fredagane? Lite ro i leksetida på biblioteket, td. med musikk frå peisestova. Kaldt i klasserommet og på biblioteket. Ønsker betre fordeling på prøver og innleveringar. Spesielt før jul var det heftig. 1T-gruppene er slått saman og er no blitt stor (26 stk.) Toalett og dusj på C-internatet bør pussast opp. Nokre har litt mykje lyd til langt på natt på internatet. Mykje positiv tilbakemelding.

1C: Generelt kjem info. seint ut frå kontaktlærarane. Klede forsvinn i vaskekjellaren. (Mykje sportsutstyr.) Elevane bør seie ifrå så snart noko manglar. Manglar tørketrommel. Men elevane må vere rask å fjerne tørt tøy. Ikkje det store samhaldet i klassa. Mange vågar ikkje å ta ordet/rette opp handa. Mange ler viss nokon seier noko feil. Kjøkkena på internata bør vaskast oftare. (Dette bør takast opp i internatrådet.) Ønske om meir garderobeplass med lås for idrettsutstyr. Band-øving bør flyttast til Strandheim. Trommer og bassforsterkar i peisestova er dårleg/øydelagt. Ønsker betre leksehjelp. Mange fokuserer på idrett, slik at teoretiske fag blir nedprioritert. Lærarane må fokusere
på at idrett òg har mange teoretiske fag, og ikkje berre praktiske fag. (Idrett er studieførebuande.) Kveldsmat: Bytte om tidspunkt på kvardag og helg? Skryt av frukt og grønt. Siste buss frå Nhs. til Framnes går kl. 19.00. Forhandle med Skyss om at dei sett opp ein buss seinare? Kaldt i klasserom C. 1C må på mange skiturar, dette blir ikkje skikkeleg orientert til elevar som kjem her for fotball. Krav om telemarksutstyr for fotballelevane? Idrettslærarane må vere flinkare til å orientere om at dei kan hjelpe ved kjøp av skiutstyr. (Det er krav i læreplana om vinteridrett, men treng ein dyrt telemarksutstyr?) Ønske om kontakt med andre skular i andre land. Er elevrådet oppegåande? Er det lærar med i elevrådet? (Det har kome mange ting opp her, som burde vore tatt opp i elevrådet.) Saknar meir inspeksjon/kontroll på internatet/romma. Bonus når ting er bra. (Sure, blaute sokkar, kan ikkje bli liggjande på rommet. Viss dei ikkje gjer jobben sin, så bør det bli ein reaksjon.)

2A: Kaldt på biblioteket + ei vifte som bråkar. Bør salte/strø vegane opp mot internata + utanfor internata. Kvelds på søndag til kl. 19.00. Ønske om flate tallerkenar (og ikkje berre djupe) til lunch. Må det vere fiskekake kvar fredag? (Det er det ikkje.)

2B: Klassa trives godt i lag, og er trygge på kvarandre. Let vel om maten, òg på laurdagskveldane. Kaffien står lenge og blir sur. (Kor lenge står den?) Kaffimaskin? Kanskje nokre felles klasse-aktivitetar av og til på ettermiddagstid? Informasjon om korleis heimebuarane kjem seg heim etter telemarkskjøring på tysdag kveld? Har no fått tilbod om å overnatte på Framnes, men denne informasjonen er ikkje orientert til elevane? Ønske om større effekt på mikrobølgeomnen i matsalen.

2C: Oppussing på internata: Blir det betre senger for dei som har sofa? Mykje skryt av maten, men ønsker maten seinare på laurdag kveld. Har ein lærar som har vore mykje borte. Foreldre brukar mykje tid for å kome til foreldrehelgane: Har Framnes eit godt nok opplegg slik at foreldra føler at dei er fornøygde/får nok informasjon?

3A: Blir undervisningstimetalet opprettholdt, td. ved heildagsprøver og eksamen? ( Framnes jobbar med dette. )

3B: Klage på luftkvaliteten i romma nede. Kaldt på Fjordheim når det berre er sentralfyr. Ønske eksta omn når det er kaldt.

3C: Klassa hadde laga film frå Kvitfjell, til klassesamlinga. Herdis orienterte litt om norskundervisninga. Dårleg ventilasjon. Det er observert mus i internata. Kan kome av opne dører og mat på internatkjøkkenet.

Orientering frå rektor:

Foreldrelaurdagane:

November: Kort fest (45 min.) og lang klassesamling (1,5 t.)
Februar: Lang fest (1,5 t.) og kort klassesamling (45 min.)
Ser ut som at dette fungerer bra.

Læringsmiljø, henta frå Elevundersøkelsen (Skoleporten)

Harald delte ut skjema og orienterte.

Ordninga med skulepengar blir justert slik at dei billigaste alternativa blir litt dyrare, og dei dyraste blir litt billigare, slik at me blir sittande igjen med færre satsar.

Kostnad med foreldrehelgane: Kostnaden med mat og kjøkkenpersonalet kostar ca. 120.000 kr. for dei 3 foreldresamlingane + avslutningsfesten. Forslag å ta td. kr. kr. 60,- for middagen på dei to foreldrelaurdagane.

Evt. Bør skulen sjekke «Legathåndboka»?

Refr. Jostein