Referat Foreldrerådsmøte laurdag 9. febr. 2013

1A: Britt Spjeld; 1B: Cato Lyngøy; 1C: Randi Minde; 2A: Alis Nortveit; 2B: Åse Enes, 2C: Eva Sandtorv; 3A: Britt Rød, 3B: Møtte ikkje, 3C: Ivar Espelid

Rutiner:

* Foreldrekontaktane sender ut referat til sine klassar. Ein kort versjon vert lagd ut på heimesida.

* Kontaktlærar sørger for å få inn mail-adresser frå alle foreldre om hausten.

Saker frå førre møte

Nokre saker frå sist møte vart drøfta. 1) Lærarane bør setje frist for innlevering til eit tidpunkt i god tid før nettet vert slått av, t.d. kl. 21.00. 2) Fint om det kan stå ute litt mat for elevar som kjem til internatet søndag kveld. 3) Den tidlegare ordninga med avgangselevar som badevakt til faste tider, var god. Ønskjer den tilbake.

Tema for klasseforeldremøte var 1) Fråvær 2) Utanlandsturar

Ad 1) Dette vart ikkje oppfatta som stort problem i Vg1 og Vg2, men foreldra må følgje med fråværet til borna. Foreldra i Vg3 meiner elevane må hjelpe kvarandre til å kome seg opp. Lærarane må motivere elevane til å stå på den siste tida mot eksamen. Bekymringsmeldingar til eleven bør også sendast til foreldra sjølv om dei er over 18 år. Elles er det viktig å jobbe med motivasjon på ulike måtar, dårlege trendar, belønning, godt miljø osb.

Ad 2) Framnes må sjølv avgjere korleis ein skal profilere seg. Det var forståing for at elevane kan gjennomføre to turar som er tilrettelagt av skulen, i løpet av tida på Framnes. Det er ikkje ønskjeleg med to turar i løpet av eit år. Turprofilen må vere kjent for dei som søkjer til skulen, slik at dei veit kva dei møter i forhold til kostnadar.

Anna

Harald orienterte om det skriftlege tilsynet som Udir. har med Framnes. Framnes har fått varsel om nokre pålegg som er under utbetring.

Refr.: Jostein Moldsvor