Foreldrerådsmøte laurdag 1. febr. 2014

Desse møtte:

1A: Lina Stabell Øvreås

1B: Kate Lillevik

1C: Geir Inge Eide

2A: Ragnhild N. Lindaas

2B: Atle Bredesen

2C: Anette K. Bønes

3A: Brit-Hilde Finstad

3B: Arild Toft

3C: Eva Sandtorv

I tillegg møtte rektor Harald Voster, und.insp. Jostein Moldsvor og adm.medarbeidar Torunn Norheim Åsebø.


Sak 3 frå sist foreldrelaurdag:

Tidsfrist for innlevering av innleveringsoppgåver: Det er no innført kl. 21 på alle klasser.


Innspel frå klassane i dag:

Fleire innspel vart lagt fram og drøfta. Ein del av dei innspela kjem Framnes tilbake til etter at saka er handsama av skulen.


Sak: Elevar som søker fri i skuletida.

Offentlege skular har stramma inn på det å gi fri i skuletida.

Framnes i dag: Gir fri viss kontaktlærar godkjenner det. Mange foreldre søker elevar fri til konsertar, utanlandsturar, «runde dagar» mm. Men Framnes er ikkje ein offentleg skule, og elevane bur ikkje heime, så me treng ikkje å legge oss opp mot dei. Framnes gjer det minst like godt karaktermessig som offentleg skule, så av den grunn treng me ikkje stramme inn. Adm. legg fram ordning til neste møte.


Refr. Jostein