Referat foreldrerådsmøte på Framnes laurdag 25. okt.  2014


Desse møtte:

Ruth Farnes (1A), Anne Cecilie Skeidsvoll (1B), Trond Skutlaberg (1C), Nina Øvreås (2A), Arne Johan Sæle (2B), Julie Backer (2C), Sigurd Dahle (3A), Mari Lotte Kjøll (3B), Anette Børnes (3C), Harald Voster (rektor), Torunn N. Åsebø (adm.medarbeidar), Jostein Moldsvor (insp.)


Sak 1: Orientering v/ rektor

Rektor orienterte om budsjettforslaget til regjeringa og mulege konsekvenser.


Sak 2: Oppfølging av saker frå forrige møte:

Rektor sendte ut på mail ei «tiltaksliste» etter det som kom opp på sist foreldrerådsmøte. Denne tiltakslista vart drøfta.

Sak 3: Innspel frå klassane:

Framnes hadde i invitasjonen til foreldrelaurdagen bedd klassesamlingane diskutere følgjande saker:

Vg1: a) Korleis opplever de klassemiljøet og klima for læring i klassa) b) Er elevane med på å vurdere eige arbeid?

Vg2 og Vg3: a) Kva er Framnes sine sterke sider som gjeld undervisninga, og og kva kan me bli betre på? b) Korleis opplever de læringsmiljøet og elevane si motivasjon for læring?

Alle klassar: c) Korleis kan foreldra støtte elevane i deira læringsarbeid?

I samtalen kom det fram både positive ting og område der skulen har eit forbetringspotensiale. Skulen vil i det vidare utviklingsarbeidet sjå til innspela og kva ein kan gjere for å kome i møte desse.


Sak 4: Det pedagogiske utviklingsarbeidet ved Framnes

Rektor orienterte om skulen sin utviklingsmodell og det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen. Skulen forsøker å ha fokus på heile eleven sitt pedagogiske arbeidsmiljø. Eit av tiltaka i gjennomføringa er at to lærarar jobbar saman om å observere kvarandre i undervisninga i forhold til gitte vurderingskriterier. Elevane vert også inviterte til å evaluere lærarane i dette arbeidet.


Foreldrerådet uttalte seg positivt til arbeidet.



Refr. Jostein Moldsvor