Referat Foreldrerådsmøte 14. febr. 2015

Desse møtte:

Inger Bente Løvfall 1A, Jon Nedkvitne 1B,  Egil Skodvin 1C, Nina Stabell Øvreås 2A,  Arne Johan Sæle 2B,  Oddvar Ulltang 2C, Sigurd Dahle 3A, Erling Husabø 3B, Annette Børnes 3C, Harald Voster (rektor), Torunn Norheim Åsebø (adm.medarbeidar), Jostein Moldsvor (und.insp.)

Leiaren Julie Backer var ikkje tilstades, så Torunn Norheim Åsebø vart utnemnt til møteleiar.

Torunn las referatet frå sist møte.

Sak 1: Orientering ved rektor.

Rektor orienterte om kva som er blitt gjort med sakene som kom opp på sist foreldrerådsmøte.

Sak 2: Tilbakemelding frå klassane

Samtale om det som vart tatt opp på klassesamlingane for kvar klasse.

Sak 3: Elevundersøkinga UDIR

Jostein la fram elevundersøkinga som vart gjennomført i Vg1 og Vg2 i desember (Vg1) og januar (Vg2).  (Undersøkinga er obligatorisk for Vg1, mens Framnes òg har den for Vg2.) Framnes er litt spørjande til kvaliteten på undersøkinga, då det ser ut for at det er mange tal som manglar. Men stort sett kjem Framnes godt ut. Men det er òg ting som Framnes ikkje er fornøygd med, og vurderer å lage ei lita spørjeundersøking der me spør konkret om dei tinga me ønsker å vite meir om.


Refr.: Jostein Moldsvor