På iSkole kan alle foreldre følgje med på eleven sine vurderingar/prøver, fråvær og evt. andre ting som blir lagt ut.

For å kome inn der treng ein brukarnamn og passord. Første gong må ein få tilsendt brukarnamn og passord frå Framnes.  Så ta kontakt. Ved pålogging er brukarnamnet eleven sitt personnummer, 11 siffer, etterfulgt av #1 (evt. #2 alt ettersom ein i iSkole er registrert som foreldre 1 eller 2. Prøv deg fram. Går det ikkje med #1 så prøv #2).

Viss ein seinare har mista passordet går det an å skrive inn brukarnamnet og klikke på «Glemt passord». Då får ein opp ein ny dialogboks der ein skal skrive inn personnummer og e-post-adresse. Der skal det berre stå eleven sine 11 siffer (utan #1). Som e-post skal du bruke den e-post-adressa som er registrert på deg i iSkole. (Altså ikkje eleven si e-post-adresse.)

Får du problem, så berre ta kontakt med Framnes.

Jostein Moldsvor

inspektor(alfakrøll)framnes.vgs.no