Kjære alle foreldre/føresette!

Velkommen til «foreldredagen» på Framnes laurdag 4. november 2017. Dette er ein viktig dag for å knyte kontakt mellom skule og heim, og me vonar at de kan sjå dykk i stand til å setje av mykje tid til Framnes denne dagen.

    

Det er fleire viktige møtepunkt. Den eine er samtalen med kontaktlærar. De melder dykk sjølv på til denne samtalen. (Kontaktskjema er vedlagt.) Ønskjer de eit spesielt tidspunkt, må de vere tidleg ute, her gjeld prinsippet om første mann til mølla. Det er også ønskjeleg at de les gjennom kommentarar som den enkelte faglærar har skrive på Iskole. Kontaktlærar kan gi informasjon om alle fag.


Klassesamlingane er eit anna møtepunkt. Me ønskjer både elevane og foreldre velkomne til denne samlinga! I år ønskjer me å utfordre foreldre og elevar til å drøfte følgjande saker/tema:


  • Framnes sin rusplan (sjå 2 vedlegg)
  • Evt andre tema som kontaktlærar vil ta opp

Eit tredje møtepunkt, er samlinga klokka 20.00 om kvelden. Her har miljøavdelinga og elevgruppa for misjonsprosjektet i fleire år laga til eit flott møte med fokus på misjons-prosjektet. Me ønskjer alle velkomen til denne samlinga!


Elevane inviterer også i år alle foreldre til å delta i Misjonsløpet. Misjonsløpet er ei viktig inntektskjelde for elevane sitt misjonsprosjekt. Det hadde vore flott om mange kunne vere med på dette, enten som heiagjeng eller deltakar. Løpet begynner kl. 09.45.


De finn nærare informasjon om program og betaling for mat på baksida.


Vel møtt!

Med helsing

Framnes kristne vg. skule


Jostein Moldsvor,  fung. rektor




3 vedlegg


PS: Interesserte kan ta med badetøy. Me reknar med at misjonsprosjektet arrangerer ope basseng.

Program for dagen vert slik:

Kl.   08.00 - 09.30       Undervisning etter eigen timeplan

”      09.45 - 11.15       Kroppsøving. (Misjonsløpet)

”      11.45 - 12.30       Fellessamling i Framnes Arena.


NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3:

VG1

”      12.30 - 13.00       Felles orientering om fagval for komande skuleår, VG1.
Stad: Auditoriet.


”       13.00 - 14.30     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.

Stad: 1A i Fysikkrom 2. etg, 1B i Personalstova, 1C i klasserom C


”      14.30 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg!

VG2 OG VG3

”       12.30 - 14.00     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.

Stad: klassen sitt klasserom.


”      14.00 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre tilsette.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg!

GJELD ALLE KLASSETRINN

”      15.30 - 18.00       Foreldrerådsmøte – rom 7. (Me kan slutte tidlegare, dersom me vert ferdige.)

”      15.15                   Misjonsprosjektet sin basar/bingo i Peisestova 

”      20.00 - 21.30      Møte i regi av miljøavdelinga. Stad: Peisestova.

Måltider:

Kl. 13.00 - 15.00        Middag

”    19.00 - 19.45        Kvelds

Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert)

Vaksen:         100,-

Born:               50,-

Familie:          200,-

NB! Me bed om innbetaling til kontonr 3000.17.21034. Merk betalinga: Mat foreldredag

Frist for betaling 5. november.

Kafè i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet

Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga. (Familie kan sjølvsagt bu på elevrom.)

Treng de overnatting, kan de kontakta:

Oddland camping, Vikøy tlf 90 79 55 52

Torbjørn Vågen, rom – og hytteutleige, Vikøy          «         56 55 25 21/90 93 40 06

Thon Hotel Sandven, Norheimsund                          «         53 00 44 50

Hardangerfjord Hotell, Øystese                               ”        56 55 63 00