Vaksinasjonsinformasjon PDF Skriv ut E-post
Foreldre
Skrevet av Webmaster   
fredag 13. november 2009 14:18
Foto: Flickr.com/HaukelandKommuneoverlegen i Kvam har gitt ut informasjon ang. vaksinering av elevane. Dei vil bli stillt likt med andre ungdommar i Kvam. Les informasjonsbrevet her.
Ved tilbod om vaksinering mot svineinfluensa føl Kvam herad retningsliner frå nasjonale helsemynde. Vi er igong med vaksinering av prioriterte grupper og reknar med å vera ferdige innan utgangen av veke 46.
Ved vaksinering av resten av befolkinga har vi fylgjande utfordringar:
Vi veit ikkje ..
  • når neste leveranse vil kome
  • kor mange vaksinar vi då får
Det vi er rimeleg sikre på er at vi ikkje vil motta ny leveranse før siste veka i november (veke 48)

Så snart vi veit meir, vil informasjon om dette bli lagt ut på våre nettsider samt kunngjort i Hordaland Folkeblad.

Når ny leveranse med vaksine kjem, vil den vidare vaksineringa også skje i tråd med nasjonale helsemynde sine tilrådingar:
Husstandmedlemer og andre nærkontaktar til personar i risikogruppene, særleg personar rundt spedbarn under 6 månader og gravide i dei 12 første vekene.
Personar som har tett kontakt med svinebesetningar.
Ved ytterlegare prioriteringar i befolkninga, vil vi vaksinere dei yngste først.
Vidare vert samfunnskritiske funksjonar ein faktor.

Kriseleiinga har bestemt at skuleelevane i Kvam vert prioriterte på same måte som andre kvemmingar. Det tyder at alle elevane på Framnes får tilbod i Kvam på same vis som andre ungdomar i Kvam.


Med venleg helsing
Arne Aksnes
Kommuneoverlege
 
RocketTheme Joomla Templates