Inntaksreglement for Framnes KVGS

Inntaksområde

Framnes Kristne Vidaregåande Skule har heile landet som inntaksområde. Skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra og krava for inntak i tilsvarande offentlege skular, jfr. Privatskulelova § 3.1 første ledd. Skulen har godkjenning for elevar med rett til vidaregåande opplæring.

Inntaksansvarleg

Rektor har hovudansvaret for elevinntaket.

Generelt om søknader

  • Ordinær søknadsfrist er 1. mars. Frist for søknad for elevar med rett til særskilt utdanningsprogram og opptak på individuell vurdering er 1. februar. Fyrsteinntaket finn stad på bakgrunn av søkjarmassen pr. 1. mars.

  • Når ikkje anna er sagt, gjeld inntaket til fullt årskurs eller 90 timar over 3 år, og sum fag (timetall) kan ikkje reduserast utan godkjend søknad.

  • Søknader til særskilt eller individuelt opptak som kjem inn etter 1. februar, vert overført til ordinært opptak.

  • Søknader som kjem inn etter 1. mars, vert ført på venteliste, og søkjarane vert ved ledig plass teken inn etter kriteria i §7 (gjeld ikkje §7.2).

  • Det er også anledning å søkja skuleplass undervegs etter at eit skuleår er starta, men ikkje etter 15. mars. Rektor vurderer søknaden etter skulen sine behov.

  • Elevar som står på venteliste vert vurdert på nytt ved innlevering av vitnemål.

  • Elevane vert tekne inn etter beste karakter når ein ikkje søkjer etter §§ 5 og 6.

  • Ved oversøking gjeld prioriteringar som vist i § 7.

Generelt om gyldige nye søknader og poengutrekning

For Vg 1: Gyldig søknad må ha vedlegg av: Kopi av karakterane frå 1. termin i 10.kl. og karakterar frå fag som er avslutta i 9. klasse.(Dei som har avslutta 10. klasse sender vitnemål. Alle fag som er avsluttande frå grunnskulen vert lagt til grunn for poengutrekninga.)

For Vg 2 og 3: Gyldig søknad må ha vedlegg av karakterane frå 1. termin for studieretninga. Alle fag frå siste karakterutskrift vert lagt til grunn for poengutrekninga.

Føresetnaden for å verte teken inn og få elevplass på vidaregåande kurs 2 og 3 er at eleven har fullført og bestått det naudsynte vg1 eller vg2. Søkjar som ikkje har stått i eitt eller fleire fag, kan takast inn som fulltidselev etter vurdering av inntaksnemnda ved skulen. 

Søknad med med fortrinnsrett til utdanningsprogram

Vilkår for å søkje til særskilt utdanningsprogram er at søkjarane har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1. I tillegg må søkjaren kunne vise til

  1. store lærevanskar (etter sakkunnig vurdering frå PPT) og/eller

  2. store funksjonshemmingar (etter sakkunnig vurdering frå PPT grunnskulen). Sjå avgrensingar i søknadsskjemaet for særskilt opptak.

Søknaden skal ha vedlagt sakkunnig vurdering om behov for prioritert utdanningsprogram og spesialundervisning.

Søknad til opptak på individuell vurdering

Vilkår for å søkje på opptak på individuell vurdering er at søkjarane har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dette gjeld søkjarar som har fått eit svekka grunnlag for vurdering med karakter på grunn av ein eller fleire følgjande årsaker:

  1. fritak frå vurdering med karakter i ungdomsskulen

  2. sosiale grunnar

  3. sjukdom

Det må leggjast ved dokumentasjon frå PPT-grunnskule ellar annan sakkunnig instans som grunngjev behovet for at søknaden skal handsamast individuelt.

Dokumentasjon skal i hovudsak følgje søknaden, men den kan ettersendast innan 1. april etter avtale med skulen.

Prioriteringar

Ved rangering innanfor kvart av prioriteringspunkta, gjeld rangering etter beste karakter, når ikkje anna er sagt. Dersom fleire elevar har den same karakteren vert det føreteke loddtrekning.

Dersom det er fleire søkjarar enn elevplassar, vert det prioritert slik:

  1. Eigne elevar som har fullført og bestått alle fag inneverande skuleår, og eigne elevar som kan dokumentere gyldig årsak til at dei ikkje har bestått alle fag.

  2. Søkjarar med a) fortrinnsrett, b) til opptak på indviduell handsaming.

    Søkjarar etter punkt 2 må ha søkt innan 1. februar . A) Elevar som skal ha vitnemål: maksimum 2 elevar pr. klasse (jfr. §5). B) Søkjarar som skal ha kompetansebevis (HTH/HTA): Maks 1 elev pr trinn – eller tre elevar i lita gruppe. Ved oversøkjing etter § 7.2 vert plass tildelt etter loddtrekning.

  3. Born av personalet på Framnes.

  4. Søkjarar med dokumentert prestasjonar på krins- /landslagsnivå i dei idrettane skulen gjev tilbod om.

  5. Når det er fullt på internatet, kan elevar frå Kvam og Jondal verte prioritert før elevar som søkjer seg inn på internatet, og omvendt.

  6. Elevar som kjem attende etter å ha fullført skuleåret i utlandet.

  7. Nye søkjarar.

  8. Elevar som ikkje har fullført og bestått alle fag.

  9. Søkjarar som ved tidligare elevstatus på skulen har brote skulen sitt reglement på ein slik måte at det har resultert i utvisning eller heilt eller delvis bortfall av statstøtte (til dømes ved for høgt fråvær), og søkjarar som søkjer om att etter å ha slutta ved skulen.

Maksimalt elevtal

Idrettsfag: 32 elevar pr. trinn.

Studiespesialisering: 64 elevar pr. trinn.

Ankeinstans er departementet ved Statsforvaltaren.

Søknadsfristar

Særskilt opptak:                1. februar.

Ordinært opptak:               1. opptak  1. mars. Etter dette rullerande opptak fram til skulestart.

(Rullerande opptak er forstått ved at skulen tek opp nye elevar ved behov og etter dette reglementet.)

Opptak etter skulestart:     Etter skulestart tek skulen opp elevar dersom skulen ønskjer det, fram til 15. mars.

Vedteke i styret 16.02.2015.
Enkelte presiseringar i mars 2021, januar 2022.