Framnes er ein kristen internatskule, og dette skal prega kvardagen på skulen. Skal me trivast, må det vera gode forhold mellom dei som bur saman. Ein må ta omsyn til kvarandre og kjenna ansvar for kvarandre. Reglane er gjevne for å gjera det så triveleg som råd på internata, og ein reknar med at alle gjer sitt beste for å følgja reglane for å få til eit godt internatmiljø.

Det er ikkje muleg å laga eit regelverk som fangar opp alle situasjonar. Det er heller ikkje muleg å sanksjonera alle regelbrot på lik måte. Framnes tek derfor atterhald om at ein må bruka skjøn. For å få så lik handsaming som muleg, er det oppretta eit dokument Reaksjonar ved regelbrot som nemner ei rekkje situasjonar og kva reaksjon det skal vere. Dokumentet er rettleiande.

Inngåing og oppseiing av internatkontrakt

a)  Føresette skal godkjenne og skrive under kontrakten om plass ved internatet når eleven er under atten år. Kontrakten vert automatisk fornya dersom ein elev tek mot plass ved internatet for det neste skuleåret.

b)  Dersom ein elev ønskjer å flytte ut av internatet i løpet av skuleåret, skal dette gjerast etter skriftleg samtykkje med føresette når eleven er under 18 år.

c)  Elevar som flyttar ut av internatet før skuleåret er omme, skal betale for seks veker etter utflyttingsdato. Eleven skal levere oppseiinga skriftleg.

1 Betaling for kost og losji

a)  Betalinga skal gjennomførast innan den fristen som er oppgitt på giroen.

b)  Ved manglande innbetaling vert det sendt ei purring med ny frist for innbetaling og inkassovarsel.

c)  Vert forholdet ikkje ordna innan ny frist, går saka til inkasso.

2 Rom og internat

a)  Alle romma (soverom og fellesrom) har fast møblering. Du kan derfor ikkje ta med ekstrautstyr (seng, kjøleskap, gardiner m.m.) utan avtale med husmor.

b)  Møblane på fellesrom og elevrom skal ikkje flyttast utan etter avtale med husmor.

c)  Eleven er ansvarleg for orden på rommet sitt. Ansvaret for orden og reinhald på fellesromma og gangane er fordelt på elevane. Romma skal vaskast regelmessig, og husmor har tilsyn med orden og reinhald på internata.

d)  Det er ikkje lov å nytte anna en TACK-IT for å hengja plakatar o.l. på veggane. Dersom ein vil hengje opp tyngre ting, skal ein avtale med internatavdelinga/vedlikehaldsavdelinga.

e)  Filmar og spel med 18 års aldersgrense er ikkje tillatne på internata.

f)   Det er ikkje lov å ha dyr på internatet.

g)  Pga. brannfare er det forbudt med levande lys og annan åpen eld/fyrverkeri på internata. Lys som er brent, vert  rekna som bruk av levande lys.

h)  Elevar som set andre sitt liv og helse på spel, medvite eller ved tankeløys åtferd ute eller inne, vil få ein reaksjon.

i) Rektor eller den som rektor gir løyve, har til eikvar tid lov til å gå inn på eleven sitt rom når det er naudsynt.

j) Ved mistanke om oppbevaring av alkohol på internatet (sjå også punkt 13), vil skulen gå gjennom internatromma for å sikre at det ikkje vert oppbevart rusmidlar på internatet. Eleven må I slike situasjonar vere med å gå gjennom rommet etter anvisning frå rektor eller den som har fått løyve til det.

3 Eigendelar

a)  Elevane har ansvaret for at romma deira er låste.

b)  Elevane må ta vare på det dei sjølv eig. Skulen har ikkje ansvar for eigedelar som blir skadde eller borte, verken på soverom eller fellesrom.

4 Bruk av pc

All bruk av data skal skje i samsvar med gjeldande kontrakt som elevane har skrive under på. Misbruk av eigen eller andre sin pc vil føre til prikkbelasting etter vurdering.

5 Framnes sin eigedom:

Dersom du har vore så uheldig å øydeleggja noko som høyrer til Framnes, melder du frå til husmor eller tilsyn. Krav om erstatning vert vurdert i kvart tilfelle. Hærverk utløyser krav om erstatning.

6 Feriane

Elevane har til vanleg ikkje høve til å bu på internata i feriane fordi skulen og internata kan vera stengde eller brukte til kurs. Me tek derfor atterhald om å nytta elevromma i feriar etter avtale med elevane.

7 Reiser

Skal elevar reisa bort om kveldane/nettene eller i helgene, må dei melda frå om dette.  Det er eigne skjema til bruk i samband med reiser. Elevar som bur på internata, har ikkje høve til å overnatte i Kvam, men rektor/tilsyn kan etter søknad unntaksvis gje slik løyve.

8 Gjester

Slekt og venner er velkomne til skulen. Ynskjer ein elev overnattingsbesøk, må han avtala dette med husmor på førehand. Husmor skriv gjesten inn i skulen si gjestebok og gjev melding til tilsyn.

Skulen sine reglar gjeld også for gjester.

9 Innetider

a)  Elevane skal vera på sine eigne internatavdelingar etter innetid og fram til frukost neste dag. Tilsyn og låsevakt har rett til å kontrollera at så er tilfelle.

b)  Ytterdørene i internata vert låste kvar kveld til fylgjande tider:

*   kveld før skuledag: 22.30

(Gjeld og fredag når det er undervisning laurdag)

*   Frå 1. mai og ut skuleåret – etter vurdering: 23.00 kveld før skuledag.

*   Kveld før fridag: 01.00

Etter innetid skal det vera så roleg i internata at dei som ønskjer det, får sova. Stovene vert låste etter innetid, og elevane skal vere på eigne rom etter eigen tidsplan. Sjå dagsorden.

10 Leksetid og rotid

Det er faste leksetider for at elevane skal få arbeidsro. Då skal det vera stille på internata. Utanom leksetida kan ein bruka lydanlegg med rimeleg styrke. Leksetida er måndag til torsdag kl. 15.30 – 18.00. Frå og med kl. 22.00 til neste morgon skal det vere stille (rotid).

11 Sjukdom

Dersom ein elev må halda senga p.g.a. sjukdom, skal han melde frå til husmor før kl. 09.00, avtala sjukebesøk og eventuelt mat. I helgene må elevane kontakta tilsyn ved sjukdom.

Elevar som ikkje kan følgje undervisninga, pga. langvarig sjukdom skal bu heime når skulen bestemmer det. Elevar som er til stor belasting for medelevar og/eller personalet, skal bu heime når skulen bestemmer det.

12 Matsalen

a)  Det er måltid i matsalen til fastsette tider, og me føreset at elevane syner god bordskikk. Etter måltida skal elevane rydda fint etter seg og sortera restavfallet i eigne dunkar. Me oppmodar elevane om ikkje å kaste mat.

b)  Det er ikkje høve til å ta anna enn matpakke med frå matsalen. Det er ikkje høve til å ta med drikke. Dersom elevane ynskjer å laga litt ekstra mat på internatkjøkena, må dei sjølve syta for nødvendige råvarer.

c)  Krus eller kjørl skal ikkje ut av matsalen.

d)  Elevane har kjøkenteneste etter oppsett liste.

13 Narkotika, rusmiddel, tobakk og dopingmiddel:

a)  Oppbevaring/bruk av narkotika er forbode og vert meldt til politiet.

b)  Det er forbod mot alkohol og andre rusmiddel på internata. Det er forbode å ha med seg, oppbevare, bruke rusmiddel eller vere påverka av rusmiddel, så lenge ein er innskriven ved internatet, enten ein oppheld seg på Framnes eller utanfor Framnes.

Alle som oppheld seg på same stad på skuleområdet, der det også vert nytta alkohol, er å rekna som skuldige i brot på forbodet mot å nytte alkohol.

Det er heller ikkje lov å oppbevare emabalasje som tomflasker eller liknande.

Om nødvendig har Framnes rett til å krevja testing med alkometer og/eller prøve hos lege. Dersom ein motset seg slik test, er prøven å ansjå som positiv.

c)  Det er forbod mot røyking på heile Framnes sitt område, utanom på tilvist plass. Dersom elevar under 18 år vil røykja, må dei ha skriftleg løyve frå føresette.

d)  Det er ikkje lov å ha vasspipe på rommet. Slike vert inndregne.

e)  Det er ikkje lov å bruke dopingmidlar for å fremje idrettsleg prestasjonsevne, verken i organisert samanheng eller anna uorganisert idrett.

14 Brannalarm

For at me skal unngå brannutvikling og sova trygt om natta, er det viktig å ha eit godt brannvarslingsanlegg. Dette anlegget må me ha respekt for.

Misbruk av brannvarslingsanlegg og brannslokkingsutstyr vil føra til alvorlege reaksjonar. Falsk alarm er straffbart  og kan meldast til lensmannen. Det er derfor forbod mot å bruke elektriske apparat/komfyrar og mikroomnar etter kl. 23.00 då desse ved uhell kan koma til å løysa ut brannalarmen.

Det er ein branntillitselev i kvart internat. Alle elevane har plikt til å gå til tilviste plassar utanfor internatet når alarmen går. Branntillitseleven skal då telja opp og sjå etter om nokon av elevane manglar.

Pga. brannfaren er det forbode å nytte levande lys eller annan open eld i internata. Tildekking av brannvarslar er strengt forbode.

15 Motorkjøretøy og våpen

Av omsyn til tryggleiken skal elevane ikkje nytta motorkøyretøy innanfor bommen utan løyve frå rektor/tilsyn. Alle må ferdast varsamt inne på området pga. alle borna som held til der. Elevar som har med seg motorkøyretøy, skal gi melding om dette til rektor og få tilvist plass.

Har du våpen: Ta kontakt med S-insp. for godkjenning, samt plass i våpenskap.

16 Orden og åtferd på internata

Orden og åtferd på internata vil bli tatt med i internatvitnemålet og ved vurderinga av internatplass til neste skuleår.