karriere1Som på alle andre vidaregåande skular er omgrepet karrierevegleiing forankra i Opplæringslova.

Difor satsar Framnes på:
* Eigen yrkes- og studierådgjevar
* Bevisst bruk av omgrepet karrierevegleiing
* Å gjera karrierevegleiing til eit heilskapeleg omgrep

I paragraf 22-3. Utdanning- og yrkesrådgjeving, står det:
"Den enkelte eleven har rett til rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som føremål å bevisstgjera og støtta eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv."

Omgrepet "karriere" er meir enn å klatra til topps i ein karrierestige, på bekostning av andre – slik omgrepet ofte blir framstilt. Nei, det handlar om å utnytta dei talenta ein har og finna ein yrkesveg i livet. Om ein vel å verta handverkar, lærar eller ingeniør er underordna. Poenget er å hjelpa eleven til å realisera draumane sine når det gjeld yrkesval. Karrierevegleiing handlar om å finna fram til kven ein er og kva ein vil.