Tidenes revy! PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Webmaster   
tirsdag 31. mars 2009 11:40
Foto: Kristian H. Eide
Framnes-russen har no all grunn til å være stolt av seg sjølv etter helga. Dei stillte i stand tidenes sceneshow med musikk, dans og drama. Det var så gjennomført og så bra at mangen kom igjen på søndag (etter å ha vært på forestilling laurdag) for å sjå det ein gong til!


Foto: Kristian H. EideFoto: Kristian H. EideDet heile varte i omlag to timar og omhandla historia om allmenn-jenta Hanne og idrettsguten Magnus som forelskar seg til tross for kva vennane deira meiner om det.

Innimellom fekk ein møta kjende personar som Jan Thomas og ordføraren i Kvam Astrid Farestveit Selsvold. Ein fekk og møta meir lokale heltar som Grethe H. Stuve, vaktmeisterane, Sverre Lindøy og Atle Jansen.

Dei humoristiske innslaga vart godt omringa av stilfulle og gjennomførte dansetrinn som igjen vart tonesatt av eit enda meir stilfullt band med Ingve Kjosås i spissen.

 
RocketTheme Joomla Templates