Endeleg har me klart å spora opp adressa til bloggen som tysklandsfararane boltrar seg på...

Den er http://tyskland08.blogspot.com/ 

Elles hadde Geir Johnny følgande å melde på laurdag:

"I dag har Ingvill og underteikna vore hos Daniela og Olaf Katzwinkel, Olaf er "inspektør" på skulen (FCSD) og har vore på Framnes med ei gruppeelevar tidlegare. Der spiste vi middag og etterpå tok vi ein tur i eit landskapsvernområde i nærleiken, eit stort skogsområde ved Rhinen. Eit flott område med mykje "urskog" og eit rikt fugleliv. (Noko for JosteinSmile)

No er eg tilbake hos vertsfamilien "min"; Christina og Hartmund Georg. I morgon skal vi alle på gudsteneste der Hartmund er pastor, ein frikyrkjekyrkjelyd i nærleiken. Ingvill kjem og, ho bur ca 15 min herifrå med tog. 

Ha ei fin helg vidare!
Geir Johnny"