Open helgTida for å søkja vidaregåande skule nærmar seg. Framnes vil difor få ynskja deg velkommen til open dag-/ 
helg på skulen, slik at du kan få sjå korleis vi har det. Kanskje du vil synast  me er eit godt alternativ?
På Framnes går det ca 260 elevar og av dei bur omtrent 200 på internatet. 
I fritida er her mykje å velja mellom. 3 personar i miljøavdelinga skal syta for at du skal trivast hos oss. 
Utstyr som står til din disposisjon er: Gym.sal, styrkerom, symjebasseng, buldrevegg, sandvolleyballbane, 
brygge med stupebrett og naust med 15 kanoar og 30 kajakker. Gode skitilbod om vinteren. 
Idrettslaga i Kvam har tilbod om t.d. fotball, volleyball og handball. 
Ungdomskoret i Norheimsund/Øystese er populært, og mange framneselevar syng eller spelar der. 
Internatliv er eit godt alternativ til hybel. På Framnes bur dei aller fleste på internat. Fyrsteklasseelevane 
bur to og to, medan elevar på Vg2 og Vg3 får einerom. 
Har du lyst å koma på open helg så gje melding på mail, på påmeldingsskjema
eller tlf. 56550500. 
Viktig: Ta med sovepose, treningstøy, badetøy! 
 
Laurdag er det open dag, men det er inga påmelding til den. Sjå elles programmet. 
 

Fredag 5. desember: 

19.00-19.30  Kvelds 
20.00- →  Aktivitetar 
01.00  Innetid 

Laurdag 6. desember: 

08.00-09.00 Frukost 
10.30-12.30 Guida turar m/morgon- 
  samling, for å verta  kjent med Framnes 
12.00-13.00 Lunsj 
13.00-13.30 Informasjon 
14.00- → Aktivitetar 
18.30-19.00 Kvelds 
20.00  Aktivitetar 
01.00  Innetid 

Sundag 7. desember: 

09.00-10.00 Frukost 
                     Heimreise

Du er hjartleg velkommen!