Open helgFor ei helg som no er over. Det har vore over 50 besøkande som ville sjå korleis livet er her på den no snødekte halvøya vår. Det heile tok til på fredag då inntoget av gjestar ankom Framnes. Det var høgt aktivitetsnivå heile dagen før kvelden venta ettersom det var skuledag på laurdag. 

Dagens største snømann!Skuledagen gjekk av stabelen kl 0900 og inneholdt det beste skulen kan by på av faglege tilbod. Alt frå tysk til heimelaga badstu var representert. 

Kven får flest klesklyper festa til ansiktet?Utpå kvelden vart det satt rekordar i forskjellige øvingar på "guinness-rekordkveld". Bla. a. vart heile alfabetet skrevet (på eit tastatur) på 2,217 sekunder.

Tilbakemeldingar frå besøkande vitnar om at det heile har vore vellukka.

Søndagen drog en delegasjon på ca 25 elevar ++ til Myrkdalen på Voss for å stå på ski, noko som og var svært vellukka! Medan dei var vekke hadde Hardanger-

Jentefotball på søndaglanskapet plutseleg blitt dekt av eit kvitt snøteppe slik at alt var duka for å lage ein STOR snømann når dei

 kom att.

Takk til Tone Marit H. Dyrkolbotn for bilete!