fotballtrening_1

Samarbeidet mellom idrettsseksjonen på Framnes og Norheimsund fotball gjev gode utviklingsmoglegheiter for begge partar. Viktige stikkord er høg kompetanse og satsing på videoanalyse.

Viktig link mellom skule og klubb 

Frå og med desember/januar har Framnes-lærar Eivind Daniel Røed vore ein del av trenarteamet for A-laget i Norheimsund fotball. Røed er no ein av tre trenerar. Han arbeider saman med fjorårets trenerar Eivind Madsen Skeie (spelande trenar) og Lars Sørheim.

På Framnes KVGS er Røed inne i sitt andre år som ein av to lærarar ved toppidrett fotball på skulen. Dette inneber at den allereie nære linken mellom Framnes og Norheimsund fotball er blitt betrakteleg forsterka! Elevane som går på Framnes, og som spelar for Norheimsund, får dermed ein svært gunstig kopling som ein ikkje finn så mange andre stader i landet.

Denne koplinga er verdifull, ikkje minst fordi ein kan følgje opp elevane/spelerane både på skule- og kveldstid. Det gjer at ein heile vegen har ein raud tråd mellom det som skjer på treningane på skulen, og på det som skjer på kveldstreningane. Det gjer at all elevoppfølging, med samtalar og justering av treningsbelastning, skjer heilt naturleg via skule- og klubbsamanheng.

Solid kompetanse

Røed har mellom anna bakgrunn som spelar for Sogndal og som kaptein for det aldersbestemte landslaget (92-kullet) frå 2007 til 2011. Han har også vore med på landslaget i futsal det siste året.

Den andre læraren som underviser på toppidrett på Framnes saman med Eivind Daniel, er Helge Nilsen: eit kjent og ettertrakta namn i fotball-Norge. Som spelar har Nilsen erfaring frå mellom anna Vålerenga i tippeligaen, og åtte år som trenar i utviklingsavdelinga i Brann.

Eivind Daniel legg ikkje skjul på at moglegheita for å jobbe saman med Helge Nilsen var hovudmotivasjonen for å starte som lærar på Framnes for snart to år sidan. No er også Nilsen komen med på laget i Norheimsund!

Planen er at Helge blir med på så mange onsdagstreningar i Norheimsund som han har høve til, noko som både spelarar og trenarar ser veldig fram til!

Helge sit inne med mykje kompetanse, og analyse av a-lagets fotballkampar er noko av det han kan bidra med:

Satsar på videoanalyse 

Interplay er eit anerkjent og godt analyseprogram i fotball-Noreg. Alle landslag og dei aller fleste topplaga som driv med fotball i Noreg brukar videoanalyse aktivt som eit utviklingsverktøy i klubben for både spelarar og trenarar. Det også ei rekke utanlandske topplag som brukar Interplay. Mellom desse er CSKA Moskva, Celtic, Køln og Legia Warsawa.

Interplay skal vere eit raskt og fleksibelt verktøy for en moderne klubb som tar spelarutvikling på alvor! Berre det å få innføring ein dag for å læra korleis ein skal bruka programmet kostar 4.500 kroner. Dette slepp me sidan Helge Nilsen har den kompetansen som trengst.

Det kostar 9.000 kroner årleg å driva programmet. I tillegg vert det stilt høge krav til kamera og datamaskin som skal takla programmet.

Avgjerande kompetanse

Framnes KVGS og Norheimsund fotball har nyleg gått saman om å kjøpa inn utstyret. Dette er eit klart signal om at ein tenkjer utvikling både på Framnes og i Norheimsund fotball!

Nilsen har god erfaring med programmet frå tida då han var i Brann, og vil derfor i starten vere ansvarleg for analysen og opplæring vidare til andre aktuelle. Dette er ein tidkrevjande jobb, så det er fantastisk for skule og klubb at han er villig til dette!

Analysen vil utgjera eit svært godt konkurransefortrinn i forhold til utvikling og det å vinne fotballkampar.  Det vil naturlegvis også kunne bli eit godt trekkplaster for både klubb og skule når ein kjem i gong med dette.

Videoanalysen er eit forsøksprosjekt i eitt år. Vert resultatet slik skule og klubb håpar og trur, vert prosjektet sannsynlegvis vidareført når forsøksperioden er over.

analyse