stolane_pa_plass_1

 

Den nye teleskoptribuna med 464 stolar er på plass i Framnes Arena!
Sidan den opphavlege tribuna vart teken ut av totalbudsjettet for hallen (for å redusera den opphavelege prislappen) må me finansiera den nye løysinga med gåver:

Vil du vera med på å dra lasset?
Me utfordrar bedrifter, forsamlingar og enkeltpersonar til å støtte Framnes sitt arbeid med idrettshallen med å "kjøpa" ein stol.
Dei som «kjøper» ein stol får namnet sitt synleg på stolen (på eit lite skilt). Kvar stol kostar 1.500 kroner. Du kan kjøpe ein eller fleire stolar.

Slik gjer du det:
Betal til Elevlaget sin konto 3530.51.51503 og merk giroen med «Stolsponsing» og namnet ditt, eller namnet på firmaet. Treng du meir informasjon, ring Odd Inge på 926 27 332.

Fram til no har 250 "kjøpt" stolar. Tusen takk!

 

Tekst og foto: Lars A. Oma

stolane_pa_plass_2