planting_ved_hallen_3

Elevane på Framnes kan meir enn å studera teoretiske fag. Dei tek gjerne eit tak i praktisk arbeid også! I dag har elevar frå fleire klassar delteke i planting utanfor den nye hallen, og i støvsuging og støvtørking innandørs.
Ifølgje primus motor Odd Inge Austevoll har elevane vore svært effektive og flinke. Manga av plantene er allereie i jorda, i tråd med planteplanen. Om lag 170 planter, fordelt på sortane Spiraea, Rhod.yak, Aronia, søylekirsebær, Rhod.hybrid, Taxus og Stephanandra, skal plantast. Det kjem utvilsamt til å bli flott rundt hallen!
Plantene er levert av Gimle platneskule og hagesenter i Vikøy.
På bileta ser me elevar frå fysikk-klassen på VG2.
Inne i hallen møtte me på Oddvin Teigen, som har lagt ned ein formidabel dugnadsinnsats i den nye idrettshallen.
Takk for innsatsen alle saman!

Tekst og foto: Lars A. Oma

planting_ved_hallen_5