_6161373
Fredag 16.juni var det ein historisk dag på Framnes: Den nye storstova, idrettshallen Framnes Arena, vart offisielt opna med innhaldsrik og storslått fest.
Det aller meste har gått etter planen, hallen stod ferdig slik den skulle til rett tid. Det er høgste grad forståeleg at folk let seg imponera over både byggeprosessen og det ferdige resultatet! Det var på sin plass å bruka tid på å takka dei som har stått på for å sikra det gode resultat innanfor gjeldande budsjettramme.
Ei lang rekkje innslag på scena og ein felles kakefest etterpå vart eit fint punktum for byggeprosjektet og ein god start på sommarens storsamling for Indremisjonssamskipnaden.
Skulen kan sjå fram mot ein spennande haust med eit nytt og tenleg bygg!

Sjå fleire foto HER!

Tekst og foto: Lars A. Oma
_6161448
kakefoto2