elevstemnet2017_1

Her kjem ein liten rapport frå årets elevstemne:

Elevstemnet 23.-25. juni 2017

Denne helga var det eit frykteleg regnvêr, men det la ikkje dempar på humøret på elevstemnet. Dei første jubilantane kom fredag ettermiddag, og gjensynsgleda var stor. Mange hadde ikkje sett kvarandre sidan dei slutta på Framnes.

Laurdag, etter ein god suppe-lunsj, var det jubilantsamlingar der kvart kull fekk kvart sitt rom. Med høg mimrefaktor. Etter at finstasen var komen på var det fotografering av jubilantkulla i peisestova (sidan det var regn ute), med påfølgjande festmiddag i matsalen.

Festen var i den nye idrettshallen Framnes Arena, der me fekk song av 55-årsjubilanten Brita Finne Ueland og festtale ved 50-årsjubilanten John Ove Thaule. Vidare var det orientering om Framnes ved rektor Harald Voster, samt orientering om Framnes Arena av primus motor Odd Inge Austevoll. Så var det tid for «mønstring» der alle jubilantkulla kom fram og hadde ei lita helsing.

Etter festen fekk alle som ville ei omvisning i Framnes Arena av Odd Inge før servering av kaffi og kake i matsalen. Ute var det grilling av pølser, men berre dei tøffaste nytte den i teltet. På elevstemne brukar me å tenne eit bål på Verdens ende. Men i år var me einig i at det ikkje var eit sakn om at bålet ikkje vart tent. Og i regnet hadde me kanskje hatt problem med å få fyr på det òg….

Søndag starta med flaggheising kl. 09, med ein flokk paraplyar som tilskodarar. Eit kort årsmøte vart avhalde før føremiddagsmøtet kl. 11. Der var det opning ved lærar Eimund Solsvik og tale ved tidlegare rektor Per Tjøstheim, samt flott song ved Soa Lena og Nirina Tjøstheim Moldsvor.

Helga vart avslutta med ein god middag.

Foto av jubilantkulla finn du HER:


Tekst og foto:

Jostein Moldsvor

elevstemnet2017_2

elevstemnet2017_3

elevstemnet2017_4

elevstemnet2017_5

elevstemnet2017_6

elevstemnet2017_7

elevstemnet2017_8

elevstemnet2017_9

elevstemnet2017_10

elevstemnet2017_11

elevstemnet2017_12

elevstemnet2017_13

elevstemnet2017_14

elevstemnet2017_15

elevstemnet2017_16

elevstemnet2017_17

elevstemnet2017_18

elevstemnet2017_19

elevstemnet2017_20

elevstemnet2017_21

elevstemnet2017_22

elevstemnet2017_23

elevstemnet2017_24

elevstemnet2017_25

elevstemnet2017_26

elevstemnet2017_27

elevstemnet2017_28

elevstemnet2017_29

elevstemnet2017_30

elevstemnet2017_31

elevstemnet2017_32

elevstemnet2017_33

elevstemnet2017_34

elevstemnet2017_35

elevstemnet2017_36