olav_skeie_lid

Det byrjar for alvor å nærma seg skulestart. "Framnes-maskineriet" er i full gang med oppkøyringa til opningshelga og det nye skuleåret. I dag hadde personalet ei heildagssamling med fokus på mellom anna rutinar, regelverk og brannvern i den nye idrettshallen, og ein grundig gjennomgang frå NAV om inkluderande arbeidsliv. Rosina i pølsa var ein strålande god og festleg refleksjon, med skråblikk på Framnes før og no. Mannen bak orda var kyrkjeverje i Kvam, Olav Skeie Lid. (biletet)

Foto: Lars A. Oma


brannvern_i_hallen