IMG_3666
Onsdag 23.mai gjennomførte ein del av matematikkelevane i 2P (praktisk matematikk) ei undersøking der dei målte farta til bilane som køyrte gjennom 50-sona i Vikøy. Elevane blei delt i fire grupper, og rekna ut farta til bilane basert på tidtaking over ulike avstandar. Utrekning av gjennomsnittsfarta var godt nytt for trafikktryggleiken i Vikøy - alle gruppene kom fram til at gjennomsnittsfarta var 50 km/t eller lågare. Eit fleirtal av dei målte bilane låg under fartsgrensa. Elevane meinte at den tilsynelatande svært lovlydige køyringa kanskje kunne skuldast at det var så mykje elevar med uortodoks oppførsel langs vegen.
Eventuelt også at vi traff eit tidspunkt på dagen då pensjonistar på føremiddagstur var overrepresentert.

Tekst og foto: Sverre Lindøy

IMG_3665