Elevstemnet 22.-24. juni 2018

Det er bestandig kjekt med elevstemne! Kjekt å treffe igjen «gamle» Framneselevar.  Dei første jubilantane kom fredag ettermiddag, og gjensynsgleda var stor. Mange hadde ikkje sett kvarandre sidan dei slutta på Framnes.

Laurdag, etter ein god suppe-lunsj, var det jubilantsamlingar der kvart kull fekk kvart sitt rom. Med høg mimrefaktor. Etter at finstasen var komen på var det fotografering av jubilantkulla i peisestova, med påfølgjande festmiddag i matsalen. (Jubilantbilda er lagt ut på Framnes si heimeside.)

Festen var i den nye idrettshallen Framnes Arena. Årets festtalar var 40-årsjubilanten Jan Helge Hindenes (som til dagleg er pastor i Bergen Baptistmenighet). Vidare var det orientering om Framnes ved fung. rektor Jostein Moldsvor. Så var det tid for «mønstring» der alle jubilantkulla kom fram og hadde ei lita helsing. Festen var som vanleg humoristisk leia av Per Helleve.

Etter festen var det kaffi og kaker i matsalen før dei fleste trekte ut til plassen framfor skulen der det var grilling av pølser. Litt over kl. 23 tente me bålet på Verdens ende. I år klaffa det veldig bra med at det var St. Hans.

Søndag starta med flaggheising kl. 09 før frukost. Kl. 11 var det føremiddagsmøte prega av rektorar: Fung. rektor Jostein Moldsvor leia møtet, tidlegare rektor Per Tjøstheim hadde ei opningshelsing, og tidlegare rektor Lars Reinlund tala. I tillegg var det god song av Astrid og Lars Reinlund.

Helga vart avslutta med ein god middag.

Takk for eit flott elevstemne!

NB! De finn enda fleire foto på Facebook-sida til Framnes HER:

 

Tekst og foto

Jostein Moldsvor

 

elevstemnet_-_1

elevstemnet_-_17

elevstemnet_-_18