43131043_1281006992041079_5029023815871496192_o

2. oktober var elevar og tilsette frå Kvam vidaregåande skule og Framnes kristne vidaregåande skule samla i Framnes Arena for å høyra advokat Geir Lippestad snakka om temaet «Menneskeverd – finst det eit ytterpunkt for toleranse?»
Arrangementet var ein del av «Kvammaveko», som markerer Verdensdagen for psykisk helse gjennom ei heil veke med ulike arrangement.
Også politikarar og folk frå administrasjonen i Kvam herad deltok på føredraget.
Tilhøyrarane vart utfordra av Lippestad til å vera bevisste på kva verdiar ein står for, og at ein tek verdiane i bruk når ein vert utfordra. Han snakka på ein direkte, personleg og klar måte om rettstryggleik, menneskeverd og det å vera raus med seg sjølv og andre. Han tok utgangspunkt i utfordringar i sitt eige liv, mellom anna situasjonen då han vart spurd om å vera forsvarsadvokat i rettsaka etter terrorhandlinga 22. juli 2011. Hans eigne verdiar, synet på menneskerettar og menneskeverd vart utfordra.
Det var nærare 600 menneske i Framnes Arena, og det var tydeleg at føredragshaldaren snakka frå hjarte til hjarte.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

43055749_1281007135374398_5012664001973190656_o

43023835_1281007235374388_4760650538113040384_o

43047677_1281007128707732_218530586015301632_o

42996781_1281007155374396_2556113047064150016_o