001idrettshallen
Arbeidet med den nye idrettshallen er godt i gang. "Pæling", graving og anna naudsynt grunnarbeid skrid framover.
Foto: Lars A. Oma
002idrettshallen
003idrettshallen
004idrettshallen
menneskeverd
Måndag 18. april hadde me besøk frå organisasjonen Menneskeverd ved Anette Sørensen. Menneskeverd er ein organisasjon som har fokus på dei «svake» i samfunnet i Norge. På Framnes samla me alle elevane i tre økter (Vg3, Vg2 og Vg1 kvar for seg) og fekk foredrag om dei to temaene «abort» og «selekteringssamfunnet». Begrepet «fosterreduksjon» har vore eit aktuelt tema i debatten i Norge i seinare tid. Ved hjelp av bilder og filmar greidde Anette å engasjere oss og få oss til å tenke over desse aktuelle problemstillingane.
Takk for besøket!

Tekst og foto
Jostein Moldsvor

revyen_2016_etter_pause_3.jpg

"Størst av alt er eksamen" (med strek over "kjærleiken") var tittelen på årets russerevy på Framnes. Masse ungdommeleg energi, kreativitet og fantasi resulterte i ei flott framsyning med gode poeng og god imitasjon. Det var lett å kjenna igjen fleire kjende "figurar" på Framnes. "Konflikten" mellom gode eksamesresultat og kjærleik vart belyst frå fleire interessante vinklar.  Godt manus, godt band, gode skodespelarprestasjonar og god teknikk gjorde revyen til ei fin oppleving. Godt jobba!

Foto: Lars A. Oma

Sjå mange fleire foto på Facebook!

 

003byggestart_for_idrettshallen
I går starta arbeidet med den nye idrettshallen på Framnes! Entreprenøren Brødrene Ulveseth AS er i full gang med å planera området, og Kvam kraftlag AS har sett opp trafostasjon. I løpet av dagen skal det etter planen setjast opp sikringsgjerde og arbeidsbrakker. Om kort tid startar arbeidet med å setja ned pælar i grunnen. Me gler oss over satsinga!

Foto: Lars A. Oma
002byggestart_for_idrettshallen
001byggestart_for_idrettshallen
eivind_daniel
Ein av idrettslærarane på Framnes, Eivind Daniel Røed, er teken ut til landslaget som skal til UEFS Futsal EM i Moskva i slutten av mai.
Det norske landslaget har fått ei tøff trekning. Laget er i gruppe med Frankrike og vertsnasjonen Russland.
Fotballspelaren Røed har 35 landskampar bak seg som kaptein for gutar 15 – 19. Han har også hatt kontrakt med A-laget til Sogndal i fem år. Etter ein skadeperiode er han tilbake, no på futsallandslaget. Gratulerer!

Foto: Erlend Løvfall (spelarfoto)
Foto: Lars A. Oma (trenarfoto, Røed t.h.)
001eivind_daniel
DSC_0009
Kva er betre som avslutning før påske enn ein gjennomgang av påskeevangeliet? Sigurd Dahle (far til ein tidlegare elev) hadde ein flott monolog der han siterte/dramatiserte store delar av Johannes-evangeliet. Det er imponerande å høyre ein mann siterer Johannes-evangeliet utanåt i over ein time! Med enkle effektar (to krakkar) fekk han fram bodskapen på ein flott måte. For å variere litt «leigde han inn» nokre elevar som statistar med korte sitat. Sjølv med berre ei kort øving med elevane gjorde dei ein flott innsats under framføringa!
Me takkar Sigurd for denne flott starten på påska!
Og med dette vil me ønske alle ei god påskehøgtid, etterfølgt av vinterferie!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor
DSC_0010
DSC_0012
DSC_0015
DSC_0022
001skitrening
Fredag gjorde elever fra 2c en super innsats som skiinstruktører for vår nye landsmenn. Elever fra voksenopplæringen hadde skidag på Sjusete hvor våre elever og noen av idrettslærere fikk utfordringen med gi deltakerne en god ski-opplevelse. Lærer Andrea Hovstein Kruken rapporterer slik fra fredagens aktivitet; "Idag har kremen av elevene i 2C vært skiinstruktører for våre nye landsmenn. Det var en fryd å se på hvor bra de taklet oppgaven, og de gjorde en eminent jobb i å la mennesker få oppleve skiglede!
På spørsmål til en av flyktningene om de syns det var gøy å gå på ski var svaret: "Well, when you haven't laughed or smiled in three years, then...Just coming skiing-wow." Så, kanskje gikk elevene glipp av gastronomiske opplevelser i Chamonix eller Rjukan-men kudos for å jobbe mot en bedre verden skal de i allefall få!"
Hallgeir Berge som jobber på Nav med integrering av flyktninger takker elevene for en kjempeflott innsats, og tilføyer at dette var en ypperlig arena for det å møtes på tvers av kulturer.

Foto: Andrea Hovstein Kruken og Hallgeir Berge
002skitrening
003skitrening
004skitrening
005skitrening
006skitrening
007skitrening
009skitrening
010lunsjbord
Elevar frå Framnes er på tur til Frankrike og Tyrkia. Ski-folket er i Chamonix og fotball-folket er i Side. Skal ein tru foto, blogg og videoklipp ser det ut til at både lærarar og elevar har det som plomma i egget.

011lunsjbord
009lunsjbord

HER (Facebook) finn du eit glimt frå Tyrkia-turen.

HER finn du bloggen frå turen til Chamonix

001lunsjbord
Matsalen på Framnes er blitt fornya den siste tida. I fjor kom det nye gardiner, nye bord og stolar, og pynt på veggane. No er det plassert nye skuffer og benkar langs veggane. I tillegg er koldtbordet bytt ut med nye buffear, slik at ein kan halda maten både kald og varm – alt etter behov.
Oppgraderinga av matsalen vart feira med varm lunsj tysdag sist veke, for både elevar og tilsette.
– Eg vil retta ein stor takk til Torbjørn for nøyaktig og tolmodig innsats i monteringa av skuffer og skap. Resultatet er eit lokale som er meir ryddig, oversiktleg og effektivt, seier kjøkenleiar Berit Berit Jørgensen.

Tekst og foto: Lars A. Oma
002lunsjbord
003lunsjbord
004lunsjbord
002oppstartshelga

Framnes treng nye miljøarbeidarar for skuleåret 2016-2017!
Søknadsfrist: Snarast!
Ta kontakt med Herdis Austevoll for meir opplysningar, på telefon: 994 52 586