001styret_for_Framnes

Snart startar bygginga av den nye idrettshallen på Framnes! Byggesøknad, finansiering og styrevedtak er no på plass. Totalentreprenøren, Brødrene Ulveseth AS, skal etter planen starta arbeidet med hallen 4. april. Målet er å få hallen ferdig i mai 2017. Hallen kostar ca. 40 millionar eks. mva.
Etter styrevedtaket i går var det feiring med kaker og kaffi, og ein liten teiknedugnad. Skuleleiinga er allereie i gang med å planleggja bruken av den gamle gymsalen. Når hallen er ferdig, har skulen høve til å byggja om gymsalen til fleire klasserom, bibliotek, lesesal osv. i to plan, alt etter kva type rom skulen har mest behov for.
På biletet av styret ser me f.v.: Svein Ludvigsen, Kenneth Foss, studieinspektør Odd Inge Austevoll (primus motor for prosjektet, ikkje i styret), Guri Bjørnevik, Knut Hogstad Nilsen (styreleiar), Hans Kristian Bjelland og Hans Arne Børsheim.
Me gler oss over satsinga!

Tekst og foto: Lars A. Oma
Fotomontasje av hallen: Forum Arkitekter AS

002styret_for_Framnes
003styret_for_Framnes
004styret_for_Framnes
Skjermbilde_2016-02-16_kl._12.10.39
Klasse 1A har fordjupa seg i filmklassikaren "Twelve angry men", og laga sin eigen versjon i klasserommet. Sjå nokre glimt frå engelskframføringa på linken under, med stillfoto, video og lyd.

Sjå framføringar HER:
Så er enda ein hektisk foreldredag over. Elevane starta tidleg med undervisning (seminar). Etter dette gjekk det slag i slag med festsamling, foreldresamtalar, orienteringar, matservering, klassesamlingar, kafé og basar. Det var full rulle heile dagen, med minst 600 personar på tunet.
Takk for besøket alle saman, og velkomne tilbake ein annan gong!

Foto: Lars Arvid Oma og Lisbeth Fredheim Oma


001foreldreheld0216
002foreldreheld0216
003foreldreheld0216
004foreldreheld0216
005foreldreheld0216
006foreldreheld0216
007foreldreheld0216
008foreldreheld0216
009foreldreheld0216
010foreldreheld0216
011foreldreheld0216
001foreldredag
Det nærmar seg ny foreldredag! Førstkomande laurdag (13. februar) er det duka for nye gode møte mellom foreldre, lærarar og elevar. Vel møtt!
Du finn meir info HER:
NM_1
Me er framleis svært stolte over mixlaget frå Framnes som vann sølv i NM i volleyball for VGS i Stavanger. Ein av spelarane våre, Mathias Haugom frå Øksnes i Vesterålen, vart kåra til MVP (most valuable player) i mix-klassen. Gratulerer Mathias!
Etter turneringa har Haugom blitt kontakta av fleire klubbar som vil ha kontakt med volleyballtalentet...
– Det er sjølvsagt artig at det går bra, men eg har ingen ambisjonar om å bli proffspelar, seier Haugom, og smiler.
Men han trenar så ofte han kan, så lenge det ikkje går ut av andre viktige interesser. Det er så mange kjekke ting å bruka tid på. For Haugom handlar det om å finna balansen mellom ulike aktivitetar.
Gutelaget gjorde også ein heiderleg innsats, men møtte svært hard motstand tidleg i turneringa og rauk ut.
Uansett, dette er flott innsats av alle!
NM_2NM_3

mixlaget
Volleyball-spelarane frå Framnes gjorde ein strålande innsats i NM for vidaregåande skular i Stavanger i helga. Mixlaget nådde finalen og sikra sølvmedalje. Laget gjekk vidare frå semifinale etter siger mot Haugesund Toppidrettsgymnas, men tapte i finalen.
_DSC5776
Det vart tradisjonen tru eit godt resultat av Framnesbasaren på laurdag. Det kom inn 70.000 kroner! Bak suksessen ligg det som vanleg mykje arbeid og gjevarglede. Gratulerer med innsatsen og resultatet!
Dårleg vêr og glatte vegar hindra ikkje folket i å møta opp.
I tillegg til loddsa, basar og god mat fekk dei frammøtte lytta til andakt av Øystein Ådland og song av mannskoret Laudamus.
_DSC5793
_DSC5801
_DSC5809
_DSC5814
007Hgtun_folkehgskole
Kvifor ikkje ta eit år på folkehøgskule etter vidaregåande? Det er heilt topp, ifølgje representantane for Høgtun Folkehøgskole. Dei er på Framnes-besøk i dag. Det høyrer til historia at gjestene har gått på Framnes tidlegare. Her saman med nokre av dagens elevar.
Høgtun ligg i Torvikbukt på Nordmøre, i eit flott landskap – ikkje så ulikt Hardanger!

Tekst og foto: Lisbeth Fredheim Oma
008Hgtun_folkehgskole
003hospitering2016_2
10.klassingar frå Kvam, Jondal og Samnanger hospiterte på Framnes dag. Målet med hospiteringa er å gje elevane eit innblikk i dei ulike studieretningane på vidaregåande skule.
Her på Framnes var dei mellom anna innom breiddeidrett, treningsleiing, psykologi, engelsk, friluftsliv, sosiologi, matematikk og biologi. Dei fekk velje fag innan studiespesialisering (samfunnsfag/realfag) eller idrettsfag.
I tillegg fikk tiandeklassingane oppleva ein vanleg lunsj på ein internatskule, og det å vera sosiale saman med miljøavdelinga.
Me håpar de har hatt en positiv dag! Velkommen tilbake som søkarar!

Tekst og foto: Lisbeth F. Oma

007hospitering2016

017hospitering2016

SJÅ FLEIRE FOTO PÅ FACEBOOK HER!

01_datalan

Miljøavdelinga finn stadig på kjekke aktivitetar. I helga var det noko for einkvar smak. Datalan frå fredag til laurdag, "kjempeludo" (også kalla menneskeludo) på laurdag og "kross-samling" på sundag.
I kjempeludo deltok ni lag. Kvart lag stiller med fire "brikker" og ein til å trilla ein svær terning. Deltakarane flyttar seg så det store ludo-brettet.
Under kross-samlinga sit deltakarane rundt ein liggjande kross. Dei som ynskjer det kan reisa seg å tenna eit lys på krossen. I tillegg er det høve til å dela eit vitnesbyrd. Også her var det mange som deltok.

Takk til miljøavdelinga og ivrige deltakarar!

Foto: Anita Espevik

Tekst: Lars A. Oma

02_Ludo

03_kors-samling