psykologielevariholmatun_2
Torsdag kveld deltok psykologiklassen frå VG3 på seminar i Øystese i regi av Norske kvinners sanitetsforening. Tema for seminaret var " skjønnhetstyraniet"; korleis dagens press på kropp og utsjånad kan føra til at normale friske jenter og gutar blir fysisk og psykisk sjuke. I tillegg til eit godt program om temaet, deltok elevane våre deltok med rollespel og eit innlegg som vart svært godt moteke av publikum. Kvelden vart avslutta med kvelds heime hos læreren.

Tekst og foto: Lisbeth F. Oma
psykologielevariholmatun_3
psykologielevariholmatun_4
psykologielevariholmatun_5
_DSC5031
Her er den nesten nye 9-setaren (Opel Vivaro) som vart kjøpt her om dagen. Elevlaget på Framnes har sponsa doningen med 260.000 kroner, nesten to tredjedelar av prisen. I tillegg vil elevlaget drifta bilen i fem år. Resten betalar skulen. Dette vert eit svært nyttig supplement til minibussane, ein bil som kan køyrast med vanleg klasse B-sertifikat.

_A310049

Leiinga for årets misjonsprosjekt har all grunn til å vera nøgd med misjonsløpet. Elevar, lærarar og foreldre (med spreke born!) trossa regnet og sprang inn 723509 kroner laurdag! Gratulerer! Det er rett og slett eit fantastisk resultat. Ifølgje leiinga i Misjonsprosjektet har ein allereie nådd målet om 800.000 kroner med svært god margin. Misjonsløpet, medrekna kollekt, kafé, basar og elles det som er samla inn gjev eit beløp på 956.000 kroner! No startar arbeidet med å få inn alle sponsorpengane.

Med andre ord, foreldrehelga gav årets misjonsprosjekt ein pangstart! Enno ligg heile skuleåret framfor russen og arbeidet med prosjektet.
Mange har gjort ein formidabel innsats for å kunna ta mot hundrevis av gjester på ein god måte. Undervisning, elev- og foreldresamtalar, musikk og andre innslag til samlinga, matservering, kafé, basar, koordinering, diverse møter osv. Godt jobba alle i hop, og takk til gjestene våre! Og takk til alle sponsorar og deltakarar på mange ulike postar i arrangementet.

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

SJÅ FLEIRE FOTO PÅ FACEBOOK!

_A310050

_A310102

_A310111

Skjermbilde_2015-10-23_kl._14.49.43

Ein av våre flinke idrettslærarar, Magnus Hisdal, har blitt filmskapar. (er ute i permisjon). Her kan de sjå filmen hans om ein temadag for toppidrettselevane på Framnes, på Brann Stadion. Godt jobba!


SJÅ FILMEN HER!

001andrea_heimesida

Andrea Kjølleberg (23) frå Sandnes var russ på Framnes i 2011. No er ho tilbake som praksisstudent i ei veke.

– Det er kjekt å få stå på den andre sida av kateteret, og det er spennande å oppleva andre sider ved lærarane eg sjølv hadde som elev, fortel Andrea.

Ho er tilbake på Framnes for første gong sidan ho gjekk ut som russ.

Andrea studerer ved Menighetsfakultet (MF). Målet er å vera ferdig med lektorstudiet (master), med hovudvekt på samfunnsfag og religion, om to og eit halvt år.

– Eg fekk velja praksisskule sjølv, og då vart Framnes eit naturleg val, seier ho.

Denne veka skal ho ha observasjonspraksis i klassar som har religion, kristendom og ulike samfunnsfag. Med andre ord, ho skal vera saman med dei faste lærarane i klasseromma. Men ho får også høve til å undervisa.

– Måndag, første dagen, var eg med på åtte undervisingstimar. Eg har respekt for læraryrket, og det som skal til for å takla så mange timar etter kvarandre, vedgår ho.

Men Andrea er ikkje i tvil. Det er lektor ho vil bli.

– Eg ser for meg lærarjobb i vidaregåande skule, seier ho.

– Kanskje du søkjer jobb på Framnes om nokre år?

– Det kunne vore interessant. Eg likte meg godt på Framnes og har sansen for dette skuleslaget. Men eg vil ikkje lova noko, seier lektorstudenten bestemt.

Tida vil vise…

– Kva var det som gjorde at du valde Framnes KVGS?

– Det var heilt tilfeldig at eg fekk vita om Framnes. Skulen var representert på utdanningsmessa i Stavanger. Der møtte eg ein av lærarane, Martin Dalane, som snakka varmt om skulen. Han meinte det ville vera rette plassen for meg, fortel Andrea.

Ho var også den gongen aktiv i KRIK, og glad i friluftsliv og ski (telemark). Dermed vart det idrettslina på Framnes, med vekt på friluftsliv. Andrea er framleis aktiv i KRIK på leiarsida.

– Kva er det beste med Framnes, når du tenkjer tilbake?

– Det fine samhaldet mellom elevane, og lærarar som involverer seg i elevane sine.

– Har du kontakt med medelevane dine frå Framnes-tida?

– Ja, mange! No gler me oss til 5-årsjubileum og elevstemne!


Tekst og foto: Lars A. Oma






009haustfjellet

På torsdag var klasse 2A og 2B på ein flott fjelltur til Krokavatn. Me starta tidleg frå Framnes og fekk med oss soloppgangen på veg opp. Det var ein nydeleg dag på haustfjellet, strålande sol og ingen vind. Ved det blikkstille Krokavatnet grilla me pølser og kosa oss ei stund, før me gjekk opp på Masta (678 moh) og fekk nydeleg utsikt over Hardangerfjorden. Ein perfekt dag i det vakre skaparverket! 

Tekst og foto: Ranveig Rydland Bjelland

 

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

001kabuso_BIF

Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) inviterte onsdag til festivalframsyning på Kabuso for elevar frå dei vidaregåande skulane i Kvam. Frå Framnes KVGS møtte elevar frå VG2 og VG3, som har faga media, psykologi og sosialkunnskap.

Elevane fekk sjå dei tre filmane “Idas dagbok”, “Ekstra Bladet: Udenfor citat” og “#Artoffline”.

“Idas dagbok” er ein sterk film om 24 år gamle Ida som har ein emosjonell personlegdomsforstyrring. “Ekstra Bladet: Udenfor citat” handlar om den leiande danske tabloidavisa med stupande salstal. Kva gjer avisa for å takla tilbakegangen  i møte med nye medieplattformer? Redaktør Sigbjørn Linga deltok i samtalen rundt utfordringane, og ulikskapane mellom tabloidpressa og dei små lokalavisene.

“#Artoffline” handlar om den nye teknologien som eit tvieggja sverd for kunsten.

Arrangementet I Kabuso var eit utvida festivaltilbod til vidaregåande skular under BIFF. Elevane vart inviterte til ein heil festivaldag med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare. Elevane fekk også møta folk som på ein eller annan måte er knytt til dokumentarfilmane som vart viste.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002kabuso_BIF

003kabuso_BIF

004kabuso_BIF 

001hans_inge_fagervik

I går (15.okt.) var Hans-Inge Fagervik på Framnes KVGS med det førebyggande programmet ”Rock mot rus”. Gjennom kunnskap, ekte og sterke historier og rockelåtar gav han elevane eit usminka og nært føredrag om farane med rusmisbruk.

I om lag halvanna time formidla han ein sterk bodskap om baksidene ved bruk av rus. Han fokuserte spesielt på dei store skadane i kjølvatnet av alkoholmisbruket og kor lite samfunnet vektlegg problemet, også dei enorme økonomiske meirkostnadene dette påfører fellesskapet.

Fagervik la heller ikkje fingrane mellom når det gjeld det å vera ung i møte med sexpress, drikkepress og kroppspress.

Målet med programmet er å skapa gjennomtenkte haldningar til rus. ”Rock mot rus” er laga i samarbeid med fagfolk innan skuleverket, og Politiet. Programmet er gjennom 30 år etterspurt og svært godt motteke.

Fagervik har sidan 1984 besøkt over 2.000 ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet med programmet, både her heime og i andre land.

”Rock mot rus” er ein del av Maritastiftelsens førebyggjande arbeid.


Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002hans_inge_fagervik

003hans_inge_fagervik

misjonslopetNY

Program for foreldredagen 31. oktober 2015 vert slik:

Kl.   08.00 - 09.30       Undervisning etter eigen timeplan

”      09.45 - 11.15       Kroppsøving. (Misjonsløpet)

”      11.45 - 12.30       Fellessamling i auditoriet/gymsal.

NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3:

VG1

”      12.30 - 13.00       Felles orientering om fagval for komande skuleår, VG1. Stad: Auditoriet.

”       13.00 - 14.30     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr. Stad: 1A i fysikkrom - 2.etg, 1B i Personalstova,  1C i Gamlesalen

”      14.30 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre.

VG2 OG VG3

”       12.30 - 14.00     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.

Stad: klassen sitt klasserom.

”      14.00 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre tilsette.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre.

GJELD ALLE KLASSETRINN

”      15.30 - 18.00       Foreldrerådsmøte – rom 7.

”      15.15                   Misjonsprosjektet sin basar/bingo i peisestova 

”      20.00 - 21.30      Møte i regi av miljøavdelinga. Stad: Peisestova.

Måltider:

Kl. 13.00 - 15.00       Middag

”    19.00 - 19.45        Kvelds

Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert)

Vaksen:          100,-

Born:               50,-

Familie:          200,-

NB! Me bed om innbetaling til kontonr 3000.17.21034. Merk betalinga: Mat foreldredag

Frist for betaling 5. november.

Kafè i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet

Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga.

Treng de overnatting, kan de kontakta:

Torbjørn Vågen, rom – og hytteutleige, Vikøy          tlf        56 55 25 21 og 90 93 40 06

Thon Hotel Sandven, Norheimsund                         ”        53 00 44 50

Hardangerfjord Hotell, Øystese                               ”        56 55 63 00

misjonsprosjektet
Russen ladar opp til årets misjonsløp, og oppfordrar folk til å delta.

Sjå videoen HER: