001opningshelga

Velkommen til Framnes!

Her er programmet for oppstartsdagar hausten 2018


Fredag 17.08.

16.00-23.00:    Innkvartering

17.00-20.00:    Startsamtale for nye elevar og føresette. (Innkalling kjem i posten)

19.00-20.00:    Kveldsmat (fleksi)

24.00:              Inn på eigne rom for å sove.

Tilsyn:

Laurdag 18.08.

Laurdag er obligatorisk skuledag, og me ber alle møta til opningsamværet kl.12.00.

Avgangselevane vil ha ulike arrangement denne dagen for å samle inn penger til misjonsprosjektet.

08.30-09.30:   Frukost (fleksi)

09.30-12.00:   Innkvartering fram til opningssamlinga (Innkvarteringa held fram frå kl. 13.00.)

09.30-11.50:   Startsamtale for nye elevar og føresette (Innkalling kjem i posten)

12.00-13.00: Opningssamling i gymsalen

13.05-14.05:   Klassesamlingar. (Val av foreldrerådsrepresentant)

14.10-14.30:   Faddermøte for nye elevar i auditoriet

14.00-15.30:   Middag (fleksi) for elevar, føresette og tilsette

15.15-16.00:   Samling i gymsalen for nye elevar og føresette

16.00-17.00:   Foreldrerådsmøte, rom 4. (Ein foreldrerådsrepresentant frå kvar klasse)

16.00-19.00:   Startsamtale for nye elevar og føresette (Innkalling kjem i posten)

18.30-19.30:   Kveldsmat (fleksi) for elevar, føresette og tilsette

20.00:              Bli-kjent-samling for elevane. Viss veret er fint, vert det grilling i etterkant av samlinga.

01.00:              Inn på internata.

02.00:              Inn på eigne rom for å sova.

Tilsyn:

Innmeldingspengar for internatplass:

Innmeldingspengar innbetalt ved mottak av internatplass, kr. 1500,-, vert ført til minus på     første rekning ved skulestart.

Søndag 19.08

09.00 – 10.00  Frukost (fleksi)

10.30 – 13.00  Miljøavdelinga o.a. er tilgjengelege på skuleområdet

13.30 – 14.30  Middag

15.00 – 18.00  Elevaktivitetar

16.00 – 16.30  Kaffimat

18.30 – 19.15  Kveldsmat

20.00 – 21.30  Samling i peisestova (Miljøavdelinga og Herdis)

22.30               Inn på internata for å sove

Tilsyn:

Måndag 20.08

Alle elevane møter i auditoriet kl. 08.00

Det er eigen plan for den første veka.

Torsdag 23. – fredag 24.08

Alle elevane reiser på tur

framnes_arena_1
Framnes KVGS har nokre ledige elevplassar på VG1 og VG3, studiespesialisering, skuleåret 2018/19. Er du interessert, kan du søkje via nettsida
www.framnes.vgs.no.Så snart karaktergrunnlaget er tilgjengeleg, kan dette sendast til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller i posten. (du finn adressa på nettsida)

Elevstemnet 22.-24. juni 2018

Det er bestandig kjekt med elevstemne! Kjekt å treffe igjen «gamle» Framneselevar.  Dei første jubilantane kom fredag ettermiddag, og gjensynsgleda var stor. Mange hadde ikkje sett kvarandre sidan dei slutta på Framnes.

Laurdag, etter ein god suppe-lunsj, var det jubilantsamlingar der kvart kull fekk kvart sitt rom. Med høg mimrefaktor. Etter at finstasen var komen på var det fotografering av jubilantkulla i peisestova, med påfølgjande festmiddag i matsalen. (Jubilantbilda er lagt ut på Framnes si heimeside.)

Festen var i den nye idrettshallen Framnes Arena. Årets festtalar var 40-årsjubilanten Jan Helge Hindenes (som til dagleg er pastor i Bergen Baptistmenighet). Vidare var det orientering om Framnes ved fung. rektor Jostein Moldsvor. Så var det tid for «mønstring» der alle jubilantkulla kom fram og hadde ei lita helsing. Festen var som vanleg humoristisk leia av Per Helleve.

Etter festen var det kaffi og kaker i matsalen før dei fleste trekte ut til plassen framfor skulen der det var grilling av pølser. Litt over kl. 23 tente me bålet på Verdens ende. I år klaffa det veldig bra med at det var St. Hans.

Søndag starta med flaggheising kl. 09 før frukost. Kl. 11 var det føremiddagsmøte prega av rektorar: Fung. rektor Jostein Moldsvor leia møtet, tidlegare rektor Per Tjøstheim hadde ei opningshelsing, og tidlegare rektor Lars Reinlund tala. I tillegg var det god song av Astrid og Lars Reinlund.

Helga vart avslutta med ein god middag.

Takk for eit flott elevstemne!

NB! De finn enda fleire foto på Facebook-sida til Framnes HER:

 

Tekst og foto

Jostein Moldsvor

 

elevstemnet_-_1

elevstemnet_-_17

elevstemnet_-_18

 

 



Elevstemnet 22.-24. juni 2018

Det er bestandig kjekt med elevstemne! Kjekt å treffe igjen «gamle» Framneselevar.  Dei første jubilantane kom fredag ettermiddag, og gjensynsgleda var stor. Mange hadde ikkje sett kvarandre sidan dei slutta på Framnes.

Laurdag, etter ein god suppe-lunsj, var det jubilantsamlingar der kvart kull fekk kvart sitt rom. Med høg mimrefaktor. Etter at finstasen var komen på var det fotografering av jubilantkulla i peisestova, med påfølgjande festmiddag i matsalen. (Jubilantbilda er lagt ut på Framnes si heimeside.)

Festen var i den nye idrettshallen Framnes Arena. Årets festtalar var 40-årsjubilanten Jan Helge Hindenes (som til dagleg er pastor i Bergen Baptistmenighet). Vidare var det orientering om Framnes ved fung. rektor Jostein Moldsvor. Så var det tid for «mønstring» der alle jubilantkulla kom fram og hadde ei lita helsing. Festen var som vanleg humoristisk leia av Per Helleve.

Etter festen var det kaffi og kaker i matsalen før dei fleste trekte ut til plassen framfor skulen der det var grilling av pølser. Litt over kl. 23 tente me bålet på Verdens ende. I år klaffa det veldig bra med at det var St. Hans.

Søndag starta med flaggheising kl. 09 før frukost. Kl. 11 var det føremiddagsmøte prega av rektorar: Fung. rektor Jostein Moldsvor leia møtet, tidlegare rektor Per Tjøstheim hadde ei opningshelsing, og tidlegare rektor Lars Reinlund tala. I tillegg var det god song av Astrid og Lars Reinlund.

Helga vart avslutta med ein god middag.

Takk for eit flott elevstemne!

NB! De finn enda fleire foto på Facebook-sida til Framnes HER:

NB: De finn gruppebileta av jubilantkulla HER:

 

 

Tekst og foto

Jostein Moldsvor

 

elevstemnet_-_1

elevstemnet_-_17

elevstemnet_-_18

 

 



personalavslutning001


Utruleg kor fort tida går! Det er snart sommarferie...
Torsdag var det personalavslutning for Framnes. Denne gongen var det trivelege Holmatun i Øystese som var ramme rundt arrangementet. Under samlinga tok me farvel me fleire kollegaer. Lærarane Astrid Helleve Fylkesnes og Lillian Hamstad går over i nye jobbar, miljøarbeider Anna Lena Nævdal er ferdig med oppdraget sitt og IKT-lærling Kristoffer Hjelme er ferdig med læretida og har tatt fagbrev.
Lars R. Matre er også ferdig med jobben som miljøarbeider, men han skal jobbe vidare på Framnes som assistent.
Takk for innsatsen alle saman!

Tekst og foto: Lars A. Oma

personalavslutning002

personalavslutning003

personalavslutning004

personalavslutning005

personalavslutning006

IMG_3666
Onsdag 23.mai gjennomførte ein del av matematikkelevane i 2P (praktisk matematikk) ei undersøking der dei målte farta til bilane som køyrte gjennom 50-sona i Vikøy. Elevane blei delt i fire grupper, og rekna ut farta til bilane basert på tidtaking over ulike avstandar. Utrekning av gjennomsnittsfarta var godt nytt for trafikktryggleiken i Vikøy - alle gruppene kom fram til at gjennomsnittsfarta var 50 km/t eller lågare. Eit fleirtal av dei målte bilane låg under fartsgrensa. Elevane meinte at den tilsynelatande svært lovlydige køyringa kanskje kunne skuldast at det var så mykje elevar med uortodoks oppførsel langs vegen.
Eventuelt også at vi traff eit tidspunkt på dagen då pensjonistar på føremiddagstur var overrepresentert.

Tekst og foto: Sverre Lindøy

IMG_3665
framneshalvya_-_1

Framnes treng ny norsklærar frå 1. august 2018.

Les meir om den ledige stillinga HER:

minnestund


Gratulerer med fredsdagen, 8. mai!
I dag var heile Framnes, elevar og tilsette, ute i sola for å minnast framnesingane som fall under andre verdskrig. Markeringa, som vart leia av fungerande rektor Jostein Moldsvor, fann stad ved minneplate nedanfor Gamlesalen.
Tore Waag las diktet «17.mai 1940» av Nordahl Grieg. Jeanine Heide og May-Britt Røyrvik spela kornett, og ein av elevane, Marie Bø, la ned ein bukett ved minneplata. Samlinga vart avslutta med allsongen «Gud signe vårt dyre fedreland».

Filmen frå markeringa kan de sjå på Facebook her:

Video: Lars A. Oma

001_tunisia
Framnes hadde besøk av fredsarbeider Njål Haugland og dottera hans Deborah rett etter påske. Familien Haugland arbeider i organisasjonen "Friends of Tunisia".


Støttar fredsarbeidet i Tunisia

Fredsarbeidar Njål Haugland frå organisasjonen Friends of Tunisia arbeider for å hjelpa det gryande demokratiet i landet med å finna gode førebilete i utviklinga av folkestyret etter revolusjonen i 2011.

Tekst og foto: Lars A. Oma

Etter 20 års innsats i turistbyen Sousse byrjar det å skje spennande ting. Dører opnar seg og Friends of Tunisia får stadig tettare kontakt med det nye leiarskapet. Organisasjonen arbeider no for å oppretta eit freds- og studiesenter i byen Sousse, i samarbeid med bystyret.
I april var Haugland og dottera Debora (15) på Framnes for å fortelja om arbeidet i Tunisia, og om den spennande utviklinga. Elevane fekk innblikk i arbeidet gjennom fleire morgonsamlingar, i klasseromma og på ein eigen Tunisia-kveld.
Familien Haugland består av Njål og ektefellen Mari, og dei fem borna, Debora (15), Sara-Helen (13), Samuel (10), Noah (8) og Viktor (3). Njål kan vitna om ei dramatisk omvending i byrjinga av 20-åra. Etter dette vart det avgjerande for han å møta menneske med bodskapen om fred, rettferd og glede.
Han og ektefellen flytta til Tunisia for 20 år sidan, og har sidan den gongen arbeidd for å nå sine medmenneske i det nordafrikanske landet.

Ei tenande innstilling
Friends of Tunisia nyttar høvet til å møta folket med gjensidig respekt og fredsverdiar i praksis.
– Det beste me kan gjera i dette landet er å rekkja ut hendene våre og spørja: Korleis kan me hjelpa dykk? Kva kan me bidra med? Det viktigaste for oss er å gje menneska verdi og mot til kritisk tenking. Me vil spela på lag med folket og byggja bruer. Då opnar dørene seg, og folk byrjar å spørja om kor me har henta tankane våre frå. Då kan me naturleg fortelja om djupare verdiar, forklarar Haugland.
Haugland legg difor vekt på å møta folket og leiarskapet i byen med ei tenande haldning, ikkje som herrar. Folk er skeptiske til tidlegare kolonimakter og land som dei fryktar vil utnytte Tunisia. Dei ser heller mot dei skandinaviske landa, nasjonar som dei oppfattar som meir nøytrale og «ufarlege». Tunisia er i ein demokratisk prosess der ein ser etter gode førebilete og rollemodellar i utviklinga av demokratiet: «Kor skal me henta ideala våre frå?» «Kva land ser me opp til?»
– Her kan me vera med og støtta det tunisiske folket i ein avgjerande fase, forklarar Haugland.
Ein tunisisk dialogkvartett fekk i 2015 Nobels fredspris. Dette var eit kraftig løft, men framleis treng det unge demokratiet hjelp.

Ungt demokrati
Landet har fått på plass eit demokratisk styre etter revolusjonen, men det er framleis ungt og umodent. Utfordringane for det veksande demokratiet er mange. Den største utfordringa er den store arbeidsløysa.
– Eg trur på ein grasrotreformasjon og eit samarbeid med dei som er i leiinga, seier Haugland.
Han er overtydd om at nøkkelen til eit vellukka arbeid for fred og demokratisk utvikling er å gjera ein innsats i grunnskulen. Friends of Tunisia driv ein skule med 52 elevar, der Mari er rektor. Pedagogikken og verdiane i skulen vert lagt merke til av styresmaktene. Dei ser på nært hald korleis skulen får born til å bløma, born som foreldre og den offentlege skulen har gjeve opp fordi dei ikkje taklar prestasjonspresset. Foreldra er glade i borna sine, men metoden for å få dei til å yta er ofte fysisk straff.
Ein skule som ut frå positive verdiar, og skandinavisk pedagogikk, lærer at alle er like verdfulle, gjer at desse borna endeleg får kjenna seg trygge. Dermed blømer dei som menneske og elevar. Når folk rundt ser resultatet, kjem foreldra. Det er medisin for samfunnet.
– Dette er verdiar som er avgjerande for den demokratiske utviklinga. På denne måten kan me vera med og støtta det tunisiske folket, seier han.
Ein gong samla dei fleire hundre ungdommar frå ungdomsskulane og gymnasa i kultursenteret i byen til filmkveld, i samarbeid med dei lokale skulesjefane. Gjennom filmen «The beauty and the beast» fekk dei i gang ein dialog om verdiar. I etterkant vart det oppretta skulelag på skulane der ein kan arbeida vidare med gode verdiar og utfordringar som til dømes mobbing og narkotikamisbruk.
I april var det skulekonsert i Sousse med det norske bandet The Main Level. 600 studentar kom for å høyra på. Deltakarane i bandet oppfordra dei unge til å stå opp for gode verdiar. Skulesjefen og studentane samarbeider aktivt for at positive og konstruktive verdiar skal verta ein del av kvardagen i skulane i byen.

Vil stoppa radikalisering
For nokre år sidan var det ei alvorleg terrorhandling i Sousse, der nær 40 turistar vart drepne på ei strand. Terroristen var ein radikalisert ungdom som utførde udåden for IS. Målet var å øydeleggja for det unge demokratiet ved å gå laus på turistnæringa.
– Skal ein få slutt på IS og terrorisme, må ein stoppa rekrutteringa. Difor er arbeidet i dei tunisiske fengsla eit viktig satsingsområde, seier Haugland.
Den tunisiske aktivisten og bloggaren Lina Ben Mhenni vart kjend under Jasminrevolusjonen i 2010-2011 for sin uredde kamp for ei demokratisk utvikling i landet. Ho har mellom anna stått i bresjen for å fjerna ekstrem islamistisk litteratur i 15 tunisiske fengsel. No står resten av fengsla for tur. I staden vert det oppretta nye fengselsbibliotek med bøker som står for konstruktive og gode verdiar. Bøker som formidlar det som til dømes Nelson Mandela, Desmond Tutu, og Malala Yousafzai står for, om tilgjeving og kamp for likeverd og menneskerettar.
– Her får me vera med og tilby bøker med konstruktive verdiar. Me fokuserer på hjarta til menneska, ikkje på religion.


konsert_fjellhaug

Måndag kveld hadde elevar frå musikklinja på Fjellhaug bibelskule konsert på Framnes. Gjestene kvitterte med ein strålande og variert konsert i auditoriet. Dagen etter gjekk turen vidare til Sygna KVGS i Balestrand.

Takk for besøket!

Sjå fleire foto HER!

Foto: Lars A. Oma