IMG_4658Torsdag 8. september var det duka for haustens innskyting på Melstveit i Øystese. Initiativtakar Marius Svortevik leia an medan utfordrarane stod i kø. Regjerande meister og initiativtakar Joar Skutlaberg meldte seg sjuk denne dagen. Dette var synd for Joar, som hadde slått oss alle uansett. Marie Lovise Wilhelmsen og Henriette Baustad stilte sterkt i kvinneklassen medan Johan Kringlebotten, utan å ha rørt ei hagle før, fekk 15 av 25 moglege treff.

Tekst og foto: Andreas Sørås

Les mer …

DSCF4122Skuleleiinga har saman med kjøkenet på Framnes utvikla ein heilt ny lunsj-meny for elevane. I staden for den tradisjonelle lunsjen med graut og kornblandingar, får elevane no tilbod om havregraut, grønnsaker og frukt, og brødskiver med skinke og ost.
– Dette gjev ein meir variert lunsj, med betre ernæringsmessig innhald. Elevane får eit fullverdig måltid midt på dagen, og dersom dei nyttar seg av tilbodet får dei dekka dagsbehover for vitamin og mineral, seier rektor Harald Voster.
Tilbodet vart innført ved skulestart i haust.

Foto: Lisbeth F. Oma

IMG_3430Torsdag 1. sept. reiste biologi-elevane på ekskursjon til Hardangervidda. Første stopp var Hardangervidda natursenter der me fekk ei forelesing om høgfjellsøkologi. Etterpå kjørte me opp på Hardangervidda og gjekk inn til eit kalkfelt med mange spennande planter.

Den viktigaste jobben var å samla planter til objektsamlinga, og å gjere ei "ruteanalyse" – der me såg på korleis plantesamansetninga endra seg frå ein rabbe til eit snøleie. Men det som kanskje imponerte dei 15 biologielevane mest var siste rest av lemenåret, med alle dei hissige dyra me såg!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

Les mer …

IMG_4359Miljøavdelinga skipa laurdag til bruskassestablekonkurranse i gymsalen. Pantekassane sat laust, og me trudde lenge det skulle verta ganske så jamnt avdi alle stabla 9-10-11 kassar heilt til Henrik Sørås viste ukjende kunster og stabla 19 kassar.

Han leverte ein god sommarjobbsøknad til Ringens/Hansa/Borg, you name it. Henrik tok sjølvsikkert kveld utan å ane at Tysnes og Sotra også skulle stilla sterkt i denne ærefulle konkurransen: Også Jon Enes og Trygve Langeland klarte 19 kassar. Finalen besto i å stabla flest kassar på eit minutt. Her tok regjerande rekordkveldvinnar og iPod-touchinnehavar Trygve Langeland ein knepen siger over sjarmøren, tysnesingen og ikkje minst ferskisen Jon Enes. Nervane var til å ta og føla på og sangynskje, helsingar og kjærleiks- og støtterklæringane sat laust då sekretariatet skulle formidla desse frå publikum til publikum. Premiering vil finna stad på morgonsamling ein gong i nær framtid.

Tekst: Andreas Sørås

Les mer …

Elevane på Framnes har på lik line med andre vidaregåande skular gjennomført skuleval. Valresultatet var heller ikkje i år noko stor overrasking, men Høgre kan notera seg kraftig tilbakegang, medan Framstegspartiet og Arbeiderpartiet går kraftig fram, samanlikna med valet i 2009. Også Venstre går monaleg tilbake. Krf er svært stabilt, og er framleis det største partiet på Framnes.

Les mer …

IMG_3480På onsdag 24. august vart det fjelltur til Steinskvanndalen på Kvamskogen for klasse 1A og 1B. Stemninga var på topp sjølv då regnet ausa ned, men mange var glade for at dei ikkje tilhøyrde 1c ­– som måtte sova i telt natt til torsdag. Fin fjelltur, men det var samstundes fint å få koma tilbake til en god sofa, avslapping og litt spel, på Wallemtunet. Etter ein betre tacomiddag vart det underhalding og nydelege sveler. Dagen etter var det sporløype, vasking og heimreise.

Tekst: Solfrid Lindøy

Les mer …

CIMG487224. - 26. august var 2C på padletur til Botnen. Gjengen etablerte leir og sov i lavvo inne i Botnen. Torsdag tok dei turen opp til Jon Skaar, noko alle tykte var ei oppleving. Første dag var regnfull med mykje vind.

Tekst: Sølvi Mongstad

Foto: Sølvi Mongstad og Elisabeth M. Eide

Les mer …

Framnes_august_209Torsdag 25. august reiste 3A og 3B på tur mot dagens mål, Stekka. Gutane fekk i oppdrag å padla i kano og jentene skulle bruka kart og kompass for å navigera seg fram til rett stad. Med godt humør pakka i sekken, og lasta i kano, drog dei i veg.

Tekst: Elevar som var med på turen

Foto: Håkon Bjelland

 

Les mer …

12C

Med det same klasse 1C forlét Løkjentunet på Kvamskogen og la ut på den lange vegen mot "Lavvoen", byrja det regne. Det gjorde det heile første dagen, og natta. Alt var vått, frå innerst til ytterst. Alle ville heim. Det var endå dårligare stemning då me vakna i tåkehavet dagen etter og skulle pakke ned klissvåte telt, soveposar og liggjeunderlag. Stemningen letta heldigvis med skodda, og sola lurte allereie før lunsj dei første smila fram. Arne sine fleskepannekaker med “påstedetlaga” blåbærsyltetøy til lunsj lærte oss alle og ein kvar noko om korleis me bør eta på tur. Ein treng ikkje meir enn tre dagar saman i fjelllet for å verta kjende. Det viste 1C desse dagane. Takk for ein flott tur, med ein flott gjeng!

 

Tekst: Andreas Sørås

Foto: Andreas Sørås og Frede Hatlen

 

Les mer …

tur_til_krokavatn8

Her kommer glimt fra dagsturen som 2a og 2b hadde opp til Krokavatn. Elevene ble delt i tre grupper som skulle gå tre ulike veier/ruter opp til Krokavatn. Turen startet med tåke og litt fuktig vær, men etterhvert tittet sola fram. Da vi pakket sammen for å returnere kom sola skikkelig fram.

Les mer …