Skjermbilde_2016-08-16_kl._14.31.08

I helga var det oppstart for skuleåret 2016/2017, med nye og gamle elevar, foreldre og tilsette på tunet. Foreldresamtalar, opningsfest, klassesamlingar, middag, kafé og masse aktivitetar. Lukke til med skuleåret alle saman. Me gler oss!

Sjå videoen frå opningshelga HER:

 

Video: Lars A. Oma

framnes_007-kopi

Velkomen til nytt skuleår, med obligatorisk oppstart laurdag 13. august! Me ser fram til at tunet her skal bli fullt av liv igjen, og takknemlege for at de føresette lar oss få «låne» dykkar dyrebare ungdomar! Me skal gjere det me kan for at elevane skal få eit flott og utbytterikt år på alle vis!



Fredag 12. august: kl 16 opnar me for innkvartering for dei som vil og kan. Det vert også startsamtalar for dei som bur i nærleiken. Innkalling til dette kjem i post/epost.


Laurdag 13. august: frukost frå kl 08.30-09.30. Deretter innkvartering frå til kl 12 og på ettermiddag. Det vert satt opp startsamtalar for alle nye elevar m/føresette utover laurdag. Innkalling kjem i post/epost.


Kl 12.00-13.00: Opningssamling i gymsalen. Dette er obligatorisk for alle elevar!

Kl 13.05-14.05: Klassesamlingar (val av foreldrerådsrepresentant)

Kl 14.10-14.30: Faddermøte for nye elevar i auditoriet

Kl 14.00-15.30: Middag (fleksi) for elevar, føresette og tilsette

Kl 15.15-16.00: Samling i gymsalen for nye elevar og føresette

Kl 16.00-17.00: Foreldrerådsmøte, rom 4 (ein foreldrerepr. frå kvar klasse)


Resten av helga vert sett av, på ulike måtar, til å bli kjent med kvarandre.

 

VEL MØTT!





indrettshallen_3

 

Den nye idrettshallen på Framnes reiser seg! No byrjar det for alvor å visa at eigarane til Framnes KVGS satsar. Me gler oss storleg til opninga av hallen i juni neste år! God sommar til elevar, tilsette, føresette og alle andre Framnes-vener!

Foto: Lars A. Oma

indrettshallen_1

indrettshallen_2

Elevstemnet_2016_5

Elevstemnet 2016

(17. - 19. juni.)
Fredag ettermiddag var dei første på plass med stor gjensynsglede og mimring frå «gamle dagar». Men det store innrykket kom først på laurdag. Etter ein god lunsj var det jubilantsamlingar, der kvart kull samlast på kvar sine klasserom. Det var mykje som skulle forteljast og pratast om etter mange år. Så var matsalen pynta til festmiddag. På festen i gymsalen var det festtale ved 40-års-jubilanten Svein Harberg,  rektor Harald Voster hadde ei helsing frå skulen, inspektør Odd Inge Austevoll orienterte om idrettshallen som no er under bygging , musikalsk innslag ved Kjersti Vågen (dotter til ein av vaktmeisterane) som spela hardingfele, og alt vart fint leia i ein humoristisk tone av leiaren i elevlaget Per Helleve. Etter kaffipausa var det «mønstring» der kvart kull kom opp på scena og hadde ei lita helsing eller eit minne frå tida på Framnes. Etter ein lang og god fest var det godt å kome ut der Elisa Urhaug og Ida Hanne Hagen hadde fyrt opp grillen. Og kvelden, eller kanskje heller natta, vart avslutta med bål på Verdens Ende.
Søndag føremiddag var det møte der rektor Harald Voster tala, tidlegare rektor Per Tjøstheim hadde opningshelsing og inspektør Jostein Moldsvor viste ein lysbildeserie med musikk.  Totalt var det 157 jubilantar på elevstemnet i tillegg til tidlegare og noverande tilsette og andre. Dei tre største kulla var 50 årsjubilantar (45 stk.), 5 årsjubilantar (39 stk.) og 40 årsjubilantar (25 stk.).
Takk for eit flott elevstemne!

Tekst: Jostein Moldsvor
Foto: Jostein Moldsvor og Eimund Solsvik

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

HER KAN DU LASTA NED FOTO AV JUBILANTKULLA!

herand_1

Her kjem ein litt forsinka rapport frå turen til Herand: (betre seint enn aldri)

30.mai reiste klasse 1a, 1b og 1c til Herand, og kombinerte tur med litt geografi- og naturfagsundervisning. Gruppen delte seg i to, og mens noen gikk kulturstien, gikk resten av gjengen til toppen av Samlanuten. Underveis stoppet vi for studere landformer, kulturlandskap og geologi, og reflekterte litt over «Kvifor slik nett her?».  Været ble langt ifra like fint som værmeldingene lovte, så studiet av suksesjonsprosessene opp mot fjellet ble ikke helt som planlagt, heller ikke grillingen og badingen vi skulle bruke ettermiddagen til. Stemningen var likevel kjempegod, en vi fikk laget mat og tørket klær på den gamle skolen i Herand, og rakk litt ballspill og leik før vi tok hurtigbåten tilbake.

Tekst og foto: Jeanine Heide

SJÅ FLEIRE FOTO HER!
Avslutningsfesten_27
På avslutningsfesten laurdag overleverte russen imponerande 1.336.250 kroner til misjonsprosjektet, Mercy Ships! Gratulerer med strålande innsats! (truleg ny rekord!) Dette er pengar som vil endra livet til det betre for mange fattige menneske.

Foto: Lars A. Oma
Avslutningsfesten_5
På laurdag var det avslutningsfest for 3.klassane på Framnes, med foreldra som gjester. Godt måltid i matsalen, fotografering i "fotobakken" og fest i gymsalen etterpå, med mange fine innslag, festtale,song, humor og høgtidelege helsingar. Ei verdig avslutning for fantastisk flotte elevar. Lukke til vidare!
Etterpå var det kaker ute i den fine kvelden.

Sjå fleire foto på Facebook!
Skjermbilde_2016-06-14_kl._13.40.42
Mathias Haughom (HaughomFoto) har laga den nye presentasjonsfilmen for Framnes. Dette er den korte versjon av ein meir omfattande film som han skal vera med å laga neste skuleår. Mathias er elev på skulen, og er ein meister med drone-filming.

Sjå filmen på Facebook HER!  


(Pass på at du ser filmen i HD!)


futsal1
Noreg tok ein imponerande femteplass i EM i futsal i Russland. Ein av idrettslærarane på Framnes, Eivind Daniel Røed, gjorde ein solid innsats på landslaget. I kampen mot Tsjekkia vart han kåra til banens beste! Gratulerer!
I dei innleiande rundane spelte det norske landslaget uavgjort 2-2 mot Frankrike, men tapte såvidt etter straffekonkurranse. Laget spelte jamnt mot Russland (3-4), (som til slutt vann EM), og tapte 1-2 i kvartfinalen mot Tsjekkia etter først å ha leia kampen. Med andre ord, det var svært så små marginar som hindra Noreg i å klatra enda høgare på resultatlista. Det smakte nok ekstra godt då laget slo Israel i plasseringskampen. Dette var solide saker!
Tekst: Lars A. Oma

Sjå linken her: http://futsal.no/…/eivind-daniel-roed-om-mesterskapet-sa-l…/

futsal2

brosjyre
Hei alle Framnes-vener!
Elevstemnet nærmar seg med stormsteg. Dersom du treng meir informasjon om stemnet, kan du klikke det inn på BROSJYREN! Denne kan du lasta ned og studera i fred og ro. Du finn også meir generell info om elevlaget og stemna på nettsida HER.