007Hgtun_folkehgskole
Kvifor ikkje ta eit år på folkehøgskule etter vidaregåande? Det er heilt topp, ifølgje representantane for Høgtun Folkehøgskole. Dei er på Framnes-besøk i dag. Det høyrer til historia at gjestene har gått på Framnes tidlegare. Her saman med nokre av dagens elevar.
Høgtun ligg i Torvikbukt på Nordmøre, i eit flott landskap – ikkje så ulikt Hardanger!

Tekst og foto: Lisbeth Fredheim Oma
008Hgtun_folkehgskole
003hospitering2016_2
10.klassingar frå Kvam, Jondal og Samnanger hospiterte på Framnes dag. Målet med hospiteringa er å gje elevane eit innblikk i dei ulike studieretningane på vidaregåande skule.
Her på Framnes var dei mellom anna innom breiddeidrett, treningsleiing, psykologi, engelsk, friluftsliv, sosiologi, matematikk og biologi. Dei fekk velje fag innan studiespesialisering (samfunnsfag/realfag) eller idrettsfag.
I tillegg fikk tiandeklassingane oppleva ein vanleg lunsj på ein internatskule, og det å vera sosiale saman med miljøavdelinga.
Me håpar de har hatt en positiv dag! Velkommen tilbake som søkarar!

Tekst og foto: Lisbeth F. Oma

007hospitering2016

017hospitering2016

SJÅ FLEIRE FOTO PÅ FACEBOOK HER!

01_datalan

Miljøavdelinga finn stadig på kjekke aktivitetar. I helga var det noko for einkvar smak. Datalan frå fredag til laurdag, "kjempeludo" (også kalla menneskeludo) på laurdag og "kross-samling" på sundag.
I kjempeludo deltok ni lag. Kvart lag stiller med fire "brikker" og ein til å trilla ein svær terning. Deltakarane flyttar seg så det store ludo-brettet.
Under kross-samlinga sit deltakarane rundt ein liggjande kross. Dei som ynskjer det kan reisa seg å tenna eit lys på krossen. I tillegg er det høve til å dela eit vitnesbyrd. Også her var det mange som deltok.

Takk til miljøavdelinga og ivrige deltakarar!

Foto: Anita Espevik

Tekst: Lars A. Oma

02_Ludo

03_kors-samling

 

 


god_jul3

God Jul og Godt Nyttår til alle elevar, foreldre, tilsette, tidlegare elevar og alle andre Framnes-vener!

001pepperkakehus2015

Sist helg inviterte miljøavdelinga elevane til pepperkakehusbaking. På bileta kan ein sjå det flotte resultatet: Heile "skuleanlegget" presentert på eit stort bord ved juletreet i inngangshallen. Elevar på tvers av klassetrinn fekk i oppgåve å laga sine eigne internat. Som de ser vart det lagt ned mykje arbeid, flid og kreativitet i årest pepperkakekunstverk. Flott innsats!

Tekst og foto: Lars A. Oma

002pepperkakehus2015

003pepperkakehus2015

004pepperkakehus2015

005pepperkakehus2015

006pepperkakehus2015

007pepperkakehus2015

008pepperkakehus2015

009pepperkakehus2015

010pepperkakehus2015

ungdomskoret

I går var det Norheimsund og Øystese ungdomskor sin tur til å setja musikalsk farge på adventstida. Kor, dirigent, solistar og musikarar gjorde ein strålande innsats, noko mange i salen gav uttrykk for etter konserten. Takk for flott strålande innsats! Dette er noko å ta med seg inn i julefeiringa.
Som dei fleste veit er det mange elevar frå Framnes i koret – eit musikalsk ungdomsarbeid i Kvam som nærmar seg 50 år!

Tekst og foto: Lars A. Oma

001juleavslutning2015

Onsdag kveld var det duka for årets juleavslutning for personalet på Framnes. Tilsette med følge fekk tradisjonen tru eit fyrsteklasses julemåltid (pinnekjøt), etterfølgt av kaker og kaffi. Miljøarbeidarane Anita Espevik og Marine Sjøen stod for kveldens konkurranse, lærar Atle Jansen leverte ein innsiktsfull "takk-for-maten-tale", Kjell Strømme song seg inn i hjartene - akkompagnert av Ranveig Bjelland på piano, Herdis Austevoll hadde tankevekkande ord for kvelden, rektor Harald Voster kom med ei helsing til dei tilsette og lærarane Jeanine Heide, Frede Hatlen, Håkon Bjelland og Ranveig Bjelland spela musikk til allsongen. Det vart også gjort stas på kjøkenassistent Anne-Lise Håland, som sluttar ved årsskiftet etter lang og tru teneste på Framnes. Kjøkenleiar Berit Jørgensen overleverte både gode ord og gåve til den komande pensjonisten. Anne-Lise kvitterte med å lesa eit dikt av Haldis Reigstad. Internatleiar Anne Marie Solsvik leia festen.
Som ikkje dette var nok, fekk alle tilsette med seg ei nyttig gåve heim til jul...
Men berre så det er sagt; det er ikkje ferie før 19. desember. Om ikkje lenge er det elevane sin tur til å bli feira!

Tekst: Lars A. Oma
Foto: Lars A. Oma/Lisbeth F. Oma

002juleavslutning2015

003juleavslutning2015

004juleavslutning2015

005juleavslutning2015

006juleavslutning2015

002kalender
Det er fyrste dag i desember, og tid for adventskalender. Ein av elevane, Camilla Kolbeinsvik Lunde, gjorde stas på personalet i dag. I dag tidleg stod denne fine adventkorga i kjøkenkroken ved personalstova, med sjokolade og handlaga, pynta papirrullar med tekst – ein for kvar dag. Eit bibelvers og ei utfordring for kvar dag fram til jul. Takk! Også miljøavdelinga har ordna adventskalender, med små pakkar, til alle i personalet. Det er ikkje rart at me trivest med jobben på Framnes!

Tekst og foto: Lars A. Oma

002bart_til_1620_kr
Lærar og rådgjevar Geir Johnny Undal er ein av dei få på Framnes som var mandig nok til å følgja Movember om å dyrka fram ein frodig bart for kreftsaka. I tillegg var han tøff nok til å stilla opp til offentleg barbering i auditoriet dersom russen klarte å samla inn 1.000 kroner til misjonsprosjektet. Elevane lét seg ikkje be to gonger. På kort stund var det samla inn 1.620 kroner! Geir Johnny angra kanskje på at han ikkje heva beløpet...
Dermed vart det barberingskunst av god klasse, utført av misjonsprosjektleiaren Lars R. Midtgård Matre, framfor alle elevane.
Tekst og foto: Lars A. Oma
003bart_til_1620_kr
004bart_til_1620_kr
005bart_til_1620_kr
fagstasjonar_4

Det var eit yrande liv på Framnes denne helga. Over hundre 10.klassingane har fått eit møte med Framnes KVGS. Orienteringssamlingar, fagstasjonar, aktivitetar og til slutt den årlege Talentiaden gjorde helga til ei av dei mest hektiske i året. Tilbakemeldingane frå gjestene er gode. Forhåpentlegvis er mange av dei søkjarar til neste skuleår!


Foto: Lars A. Oma

Sjå mange fleire foto på Facebook!

014talentiaden
051talentiaden