Skjermbilde_2015-10-23_kl._14.49.43

Ein av våre flinke idrettslærarar, Magnus Hisdal, har blitt filmskapar. (er ute i permisjon). Her kan de sjå filmen hans om ein temadag for toppidrettselevane på Framnes, på Brann Stadion. Godt jobba!


SJÅ FILMEN HER!

001andrea_heimesida

Andrea Kjølleberg (23) frå Sandnes var russ på Framnes i 2011. No er ho tilbake som praksisstudent i ei veke.

– Det er kjekt å få stå på den andre sida av kateteret, og det er spennande å oppleva andre sider ved lærarane eg sjølv hadde som elev, fortel Andrea.

Ho er tilbake på Framnes for første gong sidan ho gjekk ut som russ.

Andrea studerer ved Menighetsfakultet (MF). Målet er å vera ferdig med lektorstudiet (master), med hovudvekt på samfunnsfag og religion, om to og eit halvt år.

– Eg fekk velja praksisskule sjølv, og då vart Framnes eit naturleg val, seier ho.

Denne veka skal ho ha observasjonspraksis i klassar som har religion, kristendom og ulike samfunnsfag. Med andre ord, ho skal vera saman med dei faste lærarane i klasseromma. Men ho får også høve til å undervisa.

– Måndag, første dagen, var eg med på åtte undervisingstimar. Eg har respekt for læraryrket, og det som skal til for å takla så mange timar etter kvarandre, vedgår ho.

Men Andrea er ikkje i tvil. Det er lektor ho vil bli.

– Eg ser for meg lærarjobb i vidaregåande skule, seier ho.

– Kanskje du søkjer jobb på Framnes om nokre år?

– Det kunne vore interessant. Eg likte meg godt på Framnes og har sansen for dette skuleslaget. Men eg vil ikkje lova noko, seier lektorstudenten bestemt.

Tida vil vise…

– Kva var det som gjorde at du valde Framnes KVGS?

– Det var heilt tilfeldig at eg fekk vita om Framnes. Skulen var representert på utdanningsmessa i Stavanger. Der møtte eg ein av lærarane, Martin Dalane, som snakka varmt om skulen. Han meinte det ville vera rette plassen for meg, fortel Andrea.

Ho var også den gongen aktiv i KRIK, og glad i friluftsliv og ski (telemark). Dermed vart det idrettslina på Framnes, med vekt på friluftsliv. Andrea er framleis aktiv i KRIK på leiarsida.

– Kva er det beste med Framnes, når du tenkjer tilbake?

– Det fine samhaldet mellom elevane, og lærarar som involverer seg i elevane sine.

– Har du kontakt med medelevane dine frå Framnes-tida?

– Ja, mange! No gler me oss til 5-årsjubileum og elevstemne!


Tekst og foto: Lars A. Oma






009haustfjellet

På torsdag var klasse 2A og 2B på ein flott fjelltur til Krokavatn. Me starta tidleg frå Framnes og fekk med oss soloppgangen på veg opp. Det var ein nydeleg dag på haustfjellet, strålande sol og ingen vind. Ved det blikkstille Krokavatnet grilla me pølser og kosa oss ei stund, før me gjekk opp på Masta (678 moh) og fekk nydeleg utsikt over Hardangerfjorden. Ein perfekt dag i det vakre skaparverket! 

Tekst og foto: Ranveig Rydland Bjelland

 

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

001kabuso_BIF

Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) inviterte onsdag til festivalframsyning på Kabuso for elevar frå dei vidaregåande skulane i Kvam. Frå Framnes KVGS møtte elevar frå VG2 og VG3, som har faga media, psykologi og sosialkunnskap.

Elevane fekk sjå dei tre filmane “Idas dagbok”, “Ekstra Bladet: Udenfor citat” og “#Artoffline”.

“Idas dagbok” er ein sterk film om 24 år gamle Ida som har ein emosjonell personlegdomsforstyrring. “Ekstra Bladet: Udenfor citat” handlar om den leiande danske tabloidavisa med stupande salstal. Kva gjer avisa for å takla tilbakegangen  i møte med nye medieplattformer? Redaktør Sigbjørn Linga deltok i samtalen rundt utfordringane, og ulikskapane mellom tabloidpressa og dei små lokalavisene.

“#Artoffline” handlar om den nye teknologien som eit tvieggja sverd for kunsten.

Arrangementet I Kabuso var eit utvida festivaltilbod til vidaregåande skular under BIFF. Elevane vart inviterte til ein heil festivaldag med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare. Elevane fekk også møta folk som på ein eller annan måte er knytt til dokumentarfilmane som vart viste.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002kabuso_BIF

003kabuso_BIF

004kabuso_BIF 

001hans_inge_fagervik

I går (15.okt.) var Hans-Inge Fagervik på Framnes KVGS med det førebyggande programmet ”Rock mot rus”. Gjennom kunnskap, ekte og sterke historier og rockelåtar gav han elevane eit usminka og nært føredrag om farane med rusmisbruk.

I om lag halvanna time formidla han ein sterk bodskap om baksidene ved bruk av rus. Han fokuserte spesielt på dei store skadane i kjølvatnet av alkoholmisbruket og kor lite samfunnet vektlegg problemet, også dei enorme økonomiske meirkostnadene dette påfører fellesskapet.

Fagervik la heller ikkje fingrane mellom når det gjeld det å vera ung i møte med sexpress, drikkepress og kroppspress.

Målet med programmet er å skapa gjennomtenkte haldningar til rus. ”Rock mot rus” er laga i samarbeid med fagfolk innan skuleverket, og Politiet. Programmet er gjennom 30 år etterspurt og svært godt motteke.

Fagervik har sidan 1984 besøkt over 2.000 ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet med programmet, både her heime og i andre land.

”Rock mot rus” er ein del av Maritastiftelsens førebyggjande arbeid.


Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002hans_inge_fagervik

003hans_inge_fagervik

misjonslopetNY

Program for foreldredagen 31. oktober 2015 vert slik:

Kl.   08.00 - 09.30       Undervisning etter eigen timeplan

”      09.45 - 11.15       Kroppsøving. (Misjonsløpet)

”      11.45 - 12.30       Fellessamling i auditoriet/gymsal.

NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3:

VG1

”      12.30 - 13.00       Felles orientering om fagval for komande skuleår, VG1. Stad: Auditoriet.

”       13.00 - 14.30     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr. Stad: 1A i fysikkrom - 2.etg, 1B i Personalstova,  1C i Gamlesalen

”      14.30 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre.

VG2 OG VG3

”       12.30 - 14.00     Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.

Stad: klassen sitt klasserom.

”      14.00 - 18.30       Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre tilsette.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre.

GJELD ALLE KLASSETRINN

”      15.30 - 18.00       Foreldrerådsmøte – rom 7.

”      15.15                   Misjonsprosjektet sin basar/bingo i peisestova 

”      20.00 - 21.30      Møte i regi av miljøavdelinga. Stad: Peisestova.

Måltider:

Kl. 13.00 - 15.00       Middag

”    19.00 - 19.45        Kvelds

Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert)

Vaksen:          100,-

Born:               50,-

Familie:          200,-

NB! Me bed om innbetaling til kontonr 3000.17.21034. Merk betalinga: Mat foreldredag

Frist for betaling 5. november.

Kafè i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet

Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga.

Treng de overnatting, kan de kontakta:

Torbjørn Vågen, rom – og hytteutleige, Vikøy          tlf        56 55 25 21 og 90 93 40 06

Thon Hotel Sandven, Norheimsund                         ”        53 00 44 50

Hardangerfjord Hotell, Øystese                               ”        56 55 63 00

misjonsprosjektet
Russen ladar opp til årets misjonsløp, og oppfordrar folk til å delta.

Sjå videoen HER:
openhelgFramnes_Page_1

Mange har nytta sjansen til å bli nærare kjende med Framnes KVGS. Overnattingskapasiteten er sprengd, så det er dessverre ikkje plass til fleire 10.klassingar som treng overnatting. Men det er framleis plass for deltakarar som klarar seg med dagsbesøk.  "Open helg", som vert arrangert 27.-29. november, er eit tilbod til 10.klassingar som ynskjer å bli betre kjende med Framnes KVGS.
Her er programmet for helga:

Vedlegg:
Last ned denne filen (openhelgFramnes.pdf)openhelgFramnes.pdf[ ]4502 Kb

001seminar

(Foto: Lars A. Oma)

VG1-elevane på Framnes har i dag delteke på ulike seminar om Eigenverdi og psykisk helse, som er temaet for Verdsdagen for psykisk helse 2015.

Gutane vart inviterte til Øystese saman med VG1-gutar frå Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule. I tillegg var alle 10.klassegutane i kommunen med. Temaet var her Psykisk helse. Føredragshaldar var Samuel Massie, mellom anna kjend frå TV-serien Berserk mot Sydpolen på TV-Norge.

Resten av dagen vart gutane delt inn i grupper som rullerte mellom ulike postar, arrangert av Politiet, Vegvesenet og Raude krossen m.fl. Siste post var “dropp av bil”.

VG1-jentene på Framnes var samla i peisestova til seminaret Medier og påvirkning, med Alexis Lundh frå "Familie og Medier" (bileta) som føredragshaldar.

Dei ulike arrangementa kom i stand i regi av Verdsdagen for psykisk helse.

 

Tekst: Lars Arvid Oma

002seminar

Foto: Lars A. Oma

psykisk_helse1_ny

Foto: Geir Johnny Undal


psykisk_helse2

Foto: Geir Johnny Undal

psykisk_helse3

Foto: Geir Johnny Undal

psykisk_helse4

Foto: Geir Johnny Undal

psykisk_helse5

Foto: Geir Johnny Undal

spaniabesk_framside

Besøk frå Spania

6.-13. september hadde me 22 spanske elevar og tre lærarar å besøk på Framnes. Dette er ein del av eit utvekslingssamarbeid me har med ein katolsk skule i Toledo. I vår var 18 framneselevar på besøk hos dei i Spania, og no var tida komen for å ta i mot dei her i Norge. Hardanger viste seg verkeleg frå si beste side med sol kvar dag, og spanjolane fekk sett og opplevd mykje. Dei var på utflukter til Bergen, Eidfjord og Steinsdalsfossen, og dei deltok i spansktimane på Framnes. Dei fekk også prøve seg på mange ulike aktivitetar, bl.a. både kano- og kajakkpadling på fjorden. I helga var dei med heim til dei norske elevane. Takk for ei flott veke!

Tekst og foto: Ranveig R. Bjelland

SJÅ FLEIRE FOTO HER!