idrettsfag

Studieretning for idrettsfag

5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra).

5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

5t Individuell toppidrett (ein kan ha det alle tre åra).

5t Breiddeidrett (ein kan ha det alle tre åra).

5t Friluftsliv (Vg2 og Vg3)

Du som vel idrettsfag, bør vere glad i trening og fysisk aktivitet, men du må også like å arbeide med teoretiske fag. Skulane kan spesialisere seg på idrettar, men du kan ikkje få tilbod om alle idrettar. Men generelt kan du velje fordjuping innan programfaga toppidrett fotball, individuell toppidrett, breddeidrett fotball, breddeidrett og friluftsliv.

Generell studiekompetanse

Utdanningsprogrammet har som føremål å gje elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning, samt å gje talentfulle idrettsutøvarar moglegheit til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gjev grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, som gjev deg grunnlag for å søkje dei fleste studie ved høgskular og universitet, for eksempel ved idrettshøgskulen.

Toppidrett

Toppidrett ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit tilbod for deg som ynskjer å driva idretten din til noko meir enn berre mosjonsnivå. Mi tilbyd trening i skuletida og oppfølging frå lærarar og trenarar med god utdanning og erfaring frå idrett på toppnivå. Toppidrett som fag gjev oppfølging og opplæring innanfor treningsplanlegging, livstil og kunnskap om trening innanfor spesialidretten din.

På Framnes tilbyr vi toppidrett fotball, men følgjer også opp elevar som går eige løp innanfor andre idrettar, til eksempel friidrett. Disse elevane blir følgde opp spesielt av eigen lærer som samarbeider tett med trener og utøvar innanfor nemnde idrett.

Testar

Elevane blir allereie første året testa. Dette gjer ein for å sikre best mogleg treningsutbytte for kvar enkelt utøvar. Elevane vil då i samråd med lærar koma fram til kva område dei bør rette sin treningsfokus mot.

 

Toppidrett fotball (5 timar)

Toppidrett fotball er det første verkeleg steget for deg som drøymer om å drive idrett på høgt nivå og leve av og for idrett. Elevane har tilbod om 5 timer med trening i skuletida kvar veke, fordelt på to dagar. Dei fleste melder også overgang til Norheimsund FK, som gjev utøvarane eit godt treningstilbod på ettermiddagstid, med damelag, gutelag/juniorlag, og to lag på senior herre med A – lag i 5. divisjon og B – lag i 7.divisjon. Trenarane ved Toppidrett fotball på Framnes er følgjer også 4.divisjonslaget i NFK som trenarar. Dette sikrar svært god oppfølging av elvene.

Treningsfasilitetar

Toppidrett fotball ved Framnes vidaregåande skule har fotballtreningane på Norheimsund stadion i Norheimsund. Elevane blir frakta med buss til treningsfeltet, som ligger 5 min kjøring unna.

Styrketrening og Alternativ trening

Styrketrening og Alternativ trening føregår ved skulens gymnastikksal og på styrkerommet. Vi har også en grusbane tilknytt skulen, og ein flott idrettshall under planlegging – med eigen kunstgrashall.

Treningsleir

Kvart andre år reiser Vg2 og Vg3 på toppidrett fotball på treningsleir til Tyrkia der det blir lagt opp til to treningar kvar dag. Under opphaldet trenar gruppa på grasbane og får tilbod om ein treningskamp.

 

Individuell toppidrett (5 timar)

 

Breiddeidrett (5 timar)

Breiddeidrett er eit av dei dei tre valfrie programfaga for idrettsfag. Det er eit praktisk fag som består av dei tre hovudområda: idrettsaktivitetar, basistrening og fysisk aktivitet og helse.

Du kan velje om du vil fortsette på dette programfaget i Vg2, eller om du vil gå over på eit av dei andre valfrie programfaga.

Breddeidrett er delt i to retningar:

A. Breddeidrett Telemark og Volleyball

Dette faget er eit tilbod for dei som ynskjer å prøve idrettane telemark og volleyball, eller vil utvikle seg vidare i desse to idrettane. I tillegg til fellesfaget aktivitetslære vil dette gje god variasjon og stort mangfald. For dei som ynskjer å satse på volleyball er det i tillegg til dette faget eit godt volleyballmiljø i nærleiken (Rossvoll i Øystese).

Idrettane vi fokuserar på i dette faget er i stor grad volleyball og telemark. Om hausten og våren brukar vi mykje tid på volleyball. Frå jul til påske er vi på telemarkski i Eikedalen skisenter  1–2 gongar i veka.

B. Breddeidrett Fotball og Badminton

Dette faget er eit tilbod for dei som ynskjer å prøve idrettane fotball og badminton, eller vil utvikle seg vidare i desse to idrettane. I tillegg til fellesfaget aktivitetslære vil dette gje god variasjon og stort mangfald.

Idrettane vi fokuserar på i dette faget er i hovudsak fotball, men òg ein del badminton. Om hausten og våren brukar vi mykje tid på fotball. Frå jul til påske er det badminton. Toppidrett fotball er for dei som satsar på fotball. Breddeidrett fotball er for dei som synes det er kjekt med fotball, men ikkje har ambisjonar om å spele på eit høgt nivå eller legge ned så mykje trening som i toppidrett.


Friluftsliv (5 timers valfritt programfag)

Friluftsliv programfag er eit valfritt programfag som elevar frå både studiespesialiserande og idrettsfag kan velje på VG2 og VG3. Det er eit praktisk fag som inneber tre helgeturar i ulike naturmiljø, telemarkundervisning kveldstid mellom jul og påske og mange praktiske økter utandørs.

Det blir gitt god opplæring i kajakk og de vil få ”våttkort” (nybyrjarkurs). Det blir litt tid til teoriundervisning på seinhausten sidan me lærer om aktuelle og spennande tema som f.eks. mat på bål, rett bruk av klede og skredlære. Faget er veldig populært blant elevane her på Framnes. Turane me dreg på er varierte og fantastisk flotte!

 

Under kan du lasta ned ein samla presentasjon av programfaga (idettsfag og studiespesialisering):