3. INTERNATREGLEMENT

Framnes er ein kristen internatskule, og dette skal prega kvardagen på skulen. Skal me trivast, må det vera gode forhold mellom dei som bur saman. Ein må ta omsyn til kvarandre og kjenna ansvar for kvarandre. Reglane er gjevne for å gjera det så triveleg som råd på internata, og ein reknar med at alle gjer sitt beste for å følgja reglane for å få til eit godt internatmiljø.

Det er ikkje muleg å laga eit regelverk som fangar opp alle situasjonar. Det er heller ikkje muleg å sanksjonera alle regelbrot på lik måte. Framnes tek derfor atterhald om at ein må bruka skjøn. For å få så lik handsaming som muleg, er det oppretta eit dokument Reaksjonar ved regelbrot som nemner ei rekkje situasjonar og kva reaksjon det skal vere. Dokumentet er rettleiande.

3.1 Inngåing og oppseiing av internatkontrakt

a) Føresette skal godkjenne og skrive under kontrakten om plass ved internatet når eleven er under atten år. Kontrakten vert automatisk fornya dersom ein elev tek mot plass ved internatet for det neste skuleåret.

b) Dersom ein elev ønskjer å flytte ut av internatet i løpet av skuleåret, skal dette gjerast etter skriftleg samtykkje med føresette når eleven er under 18 år.

c) Elevar som flyttar ut av internatet før skuleåret er omme, skal betale for seks veker etter utflyttingsdato. Eleven skal levere oppseiinga skriftleg.

3.2 Betaling for kost og losji

a) Betalinga skal gjennomførast innan den fristen som er oppgitt på giroen.

b) Ved manglande innbetaling vert det sendt ei purring med ny frist for innbetaling og inkassovarsel.

c) Vert forholdet ikkje ordna innan ny frist, går saka til inkasso.

3.3 Rom og internat

a) Alle romma (soverom og fellesrom) har fast møblering. Du kan derfor ikkje ta med ekstrautstyr (seng, kjøleskap, gardiner m.m.) utan avtale med husmor.

b) Møblane på fellesrom og elevrom skal ikkje flyttast utan etter avtale med husmor.

c) Eleven er ansvarleg for orden på rommet sitt. Ansvaret for orden og reinhald på fellesromma og gangane er fordelt på elevane. Romma skal vaskast regelmessig, og husmor har tilsyn med orden og reinhald på internata.

d) Det er ikkje lov å nytte anna en TACK-IT for å hengja plakatar o.l. på veggane. Dersom ein vil hengje opp tyngre ting, skal ein avtale med internatavdelinga/vedlikehalds avdelinga.

e) Filmar og spel med 18 års aldersgrense er ikkje tillatne på internata.

f) Det er ikkje lov å ha dyr på internatet.

g) Pga. brannfare er det forbudt med levande lys og annan åpen eld/fyrver keri på internata. Lys som er brent, vert rekna som bruk av levande lys.

h) Elevar som set andre sitt liv og helse på spel, medvite eller ved tankeløys åtferd ute eller inne, vil få ein reaksjon.

3.4 Eigendelar

a) Elevane har ansvaret for at romma deira er låste.

b) Elevane må ta vare på det dei sjølv eig. Skulen har ikkje ansvar for eigedelar som blir skadde eller borte, verken på soverom eller fellesrom.

3.5 Bruk av pc

All bruk av data skal skje i samsvar med gjeldande kontrakt som elevane har skrive under på.

Misbruk av eigen eller andre sin pc vil føre til prikkbelasting etter vurdering.

3.6 Framnes sin eigedom

Dersom du har vore så uheldig å øydeleggja noko som høyrer til Framnes, melder du frå til husmor eller tilsynslærar. Krav om erstatning vert vurdert i kvart tilfelle. Hærverk utløyser krav om erstatning.

3.7 Feriane

Elevane har til vanleg ikkje høve til å bu på internata i feriane fordi skulen og internata kan vera stengde eller brukte til kurs. Me tek derfor atterhald om å nytta elevromma i feriar etter avtale med elevane.

3.8 Reiser

Skal elevar reisa bort om kveldane eller i helgene, må dei melda frå om dette. Det er eigne skjema til bruk i samband med reiser. Elevar som bur på internata, har ikkje høve til å overnatte i Kvam, men rektor/tilsyn kan etter søknad unntaksvis gje slik løyve.

3.9 Gjester

Slekt og venner er velkomne til skulen. Ynskjer ein elev overnattingsbesøk, må han avtala dette med husmor på førehand. Husmor skriv gjesten inn i skulen si gjestebok og gjev melding til tilsynslærar.

Skulen sine reglar gjeld også for gjester.

3.10 Innetider

a) Elevane skal vera på sine eigne internatavdelingar etter innetid og fram til frukost neste dag. Tilsynslærar og låsevakt har rett til å kontrollera at så er tilfelle.

b) Ytterdørene i internata vert låste kvar kveld til fylgjande tider:

· kveld før skuledag: 22.30 (Gjeld og fredag når det er undervisning laurdag)

· kveld før fridag: 01.00

Etter innetid skal det vera så roleg i internata at dei som ønskjer det, får sova. Stovene vert låste etter innetid, og elevane skal vere på eigne rom etter eigen tidsplan. Sjå dagsorden.

3.11 Leksetid og rotid

Det er faste leksetider for at elevane skal få arbeidsro. Då skal det vera stille på internata. Utanom leksetida kan ein bruka lydanlegg med rimeleg styrke. Leksetida er måndag til torsdag kl. 15.30 – 18.00. Frå og med innetid til neste morgon skal det vere stille (rotid).

3.12 Sjukdom

Dersom ein elev må halda senga p.g.a. sjukdom, skal han melde frå til husmor før kl. 09.00, avtala sjukebesøk og eventuelt mat. I helgene må elevane kontakta tilsynslærar ved sjukdom.

Elevar som ikkje kan følgje undervisninga, pga. langvarig sjukdom skal bu heime når skulen bestemmer det.

Elevar som er til stor belasting for medelevar og/eller personalet, skal bu heime når skulen bestemmer det.

3.13 Matsalen

a) Det er måltid i matsalen til fastsette tider, og me føreset at elevane syner god bordskikk. Etter måltida skal elevane rydda fint etter seg og sortera restavfallet i eigne dunkar. Me oppmodar elevane om ikkje å kaste mat.

b) Det er ikkje høve til å ta anna enn matpakke med frå matsalen. Det er ikkje høve til å ta med drikke. Dersom elevane ynskjer å laga litt ekstra mat på internatkjøkena, må dei sjølve syta for nødvendige råvarer.

c) Krus eller kjørl skal ikkje ut av matsalen.

d) Elevane har kjøkenteneste etter oppsett liste.

3.14 Narkotika, rusmiddel, tobakk og dopingmiddel

a) Oppbevaring/bruk av narkotika er forbode og vert meldt til politiet.

b) Det er totalforbod mot alkohol og andre rusmiddel på internata. Det er forbode å ha med seg og bruka rusmiddel, eller å vera påverka av rusmiddel på skule- området og internata. Om nødvendig har Framnes rett til å krevja alkoholtest.

c) Det er forbod mot røyking på heile Framnes sitt område, utanom på tilvist plass. Dersom elevar under 18 år vil røykja, må dei ha skriftleg løyve frå føresette.

d) Det er ikkje lov å ha vasspipe på rommet. Slike vert inndregne.

e) Det er ikkje lov å bruke dopingmidlar for å fremje idrettsleg prestasjonsevne, verken i organisert samanheng eller anna uorganisert idrett.

3.15 Brannalarm

For at me skal unngå brannutvikling og sova trygt om natta, er det viktig å ha eit godt brannvarslingsanlegg. Dette anlegget må me ha respekt for.

a) Misbruk av brannvarslingsanlegg og brannslokkingsutstyr vil føra til alvorlege reaksjonar. Falsk alarm er straffbart og kan meldast til lensmannen. Det er derfor forbod mot å bruke elektriske apparat/komfyrar og mikroomnar etter kl. 23.00 då desse ved uhell kan koma til å løysa ut brannalarmen.

b) Det er ein branntillitselev i kvart internat. Alle elevane har plikt til å gå til tilviste plassar utanfor internatet når alarmen går. Branntillitseleven skal då telja opp og sjå etter om nokon av elevane manglar.

c) Pga. brannfaren er det forbode å nytte levande lys eller annan åpen eld i internata.

d) Tildekking av brannvarslar er strengt forbode.

3.16 Motorkjøretøy

Av omsyn til tryggleiken skal elevane ikkje nytta motorkøyretøy innanfor bommen utan løyve frå rektor/tilsynslærar. Alle må ferdast varsamt inne på området pga. alle borna som held til der. Elevar som har med seg motorkøyretøy, skal gi melding om dette til rektor slik at køyretøya kan bli parkerte på tilviste plassar utanfor tunet.

3.17 Orden og åtferd på internata

Orden og åtferd på internata vil bli tatt med i internatvitnemålet og ved vurderinga av internatplass til neste skuleår.

 

4 RETNINGSLINJER

4.1 Retningslinjer for prikkbe last inga

Tilsynslærar eller andre som oppdagar brot på internatreglementet, skal prøva å løysa forholdet i dialog med den eleven det gjeld.

Alle brot på internatreglementet skal rapporterast skriftleg til sosiallærar som fører merknader med utgangspunkt i retningslinjer som er gjevne her og i dokumentet Reaksjonar på regelbrot.

Ved behov drøftar sosiallærar regelbrot og prikkbelasting i Sosialpedagogisk team. I særlege tilfelle kan rektor verte trekt inn direkte. Sosiallærar kan etter samråd med rektor også umiddelbart gi påtale og/eller åtvaring med eventuelt brev heim når situasjonen tilseier det.

I dei fleste tilfella får ein prikkbelasting ved regelbrot. Retningslinjene er

· Prikkane gjeld for eit skuleår.

· Prikkar vert fastsett ved skjønn når ikkje anna er sagt.

· Ved om lag 25 prikkar vert ein kalla inn til samtale med sosiallærar. Samstundes får ein varselbrev som også vert sendt heim for underskriving av føresette.

· Ved om lag 40 prikkar vert ein kalla inn til samtale med husmor eller sosiallærar, og får ei utvisning for nokre dagar.

· Ved 80 prikkar får eleven ei ny utvisning, og vert kalla inn til samtale med rektor.

· Ved 100 prikkar mistar ein internatplassen for godt

· I særleg alvorlege saker, kan ein verte utvist for ein periode eller miste plassen ved internatet for godt, utan at ein tel prikkar.

· Ei utvising fører til automatisk nedsett i orden og åtferd på internatet.

· Elevar som ikkje rettar seg etter tilvisinga når regelbrot vert påtala, men gjentek regelbrotet gong etter gong, vil få fleire prikkar ved oppattaking enn ved første regelbrotet.

· Elevane må sjølve halde seg orienterte om kor mange prikkar dei har. Prikkane vert ført på skolearena.

4.2 Retningslinjer for bortvising frå internatet

Bortvising frå internatet vert iverksett etter at eleven har fått 40 prikkar og 80 prikkar. Før bortvisinga skal eleven vanlegvis har fått eit varselbrev ved om lag 25 prikkar. Det vert ikkje gjeve varselbrev etter 25 prikkar. I særlege tilfelle er det ikkje høve å gi varselbrev. Det kan være i særleg alvorlege tilfelle, eller at eleven pådreg seg prikkbelasting så raskt at det ikkje er høve til å sende varsel. Det skal i så fall ikkje ha konsekvensar for bortvisinga.

Straffbare forhold vil som oftast føre til utvising frå internatet. Skulen vil i kvart tilfelle vurdere å melde forholdet til politiet. Oppbevaring eller bruk av narkotika skal alltid meldtast til politiet.

Manglande betaling av internatpengar kan føra til bortvising frå internatet.

Rektor er den som bortviser.

Bortvising frå internatet vert vanlegvis gitt for ein periode frå 1 til 5 dagar.

Før bortvising vert iverksett har eleven rett til å uttale seg overfor rektor. Han skal også kunne klage etter retningslinjene i pkt. 5.

Ved bortvising skal eleven levere romnøkkel i resepsjonen like etter skuletid den første dagen utvisinga gjeld for.

Elevar som er bortviste skal halde seg med eigen mat, men får lunsj på skulen.

Elevar som er bortviste kan ikkje opphalde seg på Framnes etter skuletid.

4.3 Retningslinjer for fornya opphald på internatet

Alle elevar som har budd på internatet, får tilbod om plass til neste år når dei har skikka seg vel, men eventuell prikkbelasting kan få følgjer for tildeling av plass til neste skuleår.

For elevar som har vore bortvist frå internatet ein gong, vert internatplassen til neste skuleår vurdert. Elevar som har vore bortvist frå internatet to gonger, får ikkje plass ved internatet det komande skuleåret.

4.4 Retningslinjer for melding til heimen

Elevar under 18 år får melding heim når situasjonen tilseier det (sjå reglementet for nærare detaljar).

Skulen kan også sende melding heim for elevar over 18 år når skulen er bekymra for situasjonen til eleven.

 

5. KLAGE

Elevane får vanlegvis varsel ved om lag 25 prikkar. Enkelte gonger vil elevane pådra seg fleire prikkar etter dei 25 første så raskt at sosiallæraren ikkje klarer å sende ut varselbrev på førehand.

Det er høve å klage på prikkbelasting og sakshandsaming. Endeleg avgjerd kan ikkje påklagast.

5.1 Klagefristar

· Klagefrist er ei veke etter alle partar er gjort kjende med reaksjonen.

· Eleven har sjølv ansvaret for å følgje med på merknadane slik at han kan klage innan fristen.

5.2 Klage på prikkar

Dersom det er gjeve feil prikkbelasting kan eleven klage på tildelinga av prikkar. Klageinstans er det sosialpedagogiske teamet.

5.3 Klage på sakshandsaming ved bortvising frå internatet

Ved bortvising frå internatet kan eleven klage på avgjerda ved påvising av formelle feil i sakshandsaminga. Klageinstans er styret.