1. SKULEREGLEMENT


Innleiing:

Framnes er ein kristen vidaregåande skule, og dette skal prega både skule og fritid. For ein elev som er tatt inn i den vidaregåande skulen, kan dei generelle rettar og plikter samanfattast slik:

* Eleven har krav på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med dei føresegner som gjeld for skuleslaget til ei kvar tid.

* Eleven vert medlem av eit samfunn som består av elevane og personalet ved skulen.

* Eleven har medansvar for å skapa eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer.

* Eleven pliktar å rette seg etter vedtak i lovar, reglement og instruksar.



1.1 Frammøte:
a)  Eleven møter presis til morgonsamlingane og undervisninga,  og tar del i undervisninga i den forma ho vert gjeven.

b)  Eleven møter presis til undervisninga.

c)  Dersom ein elev er borte frå prøvar og ikkje leverer heimearbeid, kan han måtta møta til  individuelle prøver som er nødvendige for å ha karaktergrunnlag.

d)  Eksternatelevar som er sjuke, skal sende ein SMS om dette til husmor sin mobiltelefon.


1.2 Fråvær/permisjon:
a)  Alt fråvær skal registrerast. Eleven har sjølv ansvar for å dokumentera årsaka til fråværet.

b)  Planlagt fråvær/permisjon skal meldast til skulen på førehand. Fråvær på 1 – 5 skuledagar skal godkjennast av kontaktlærar. Fråvær over 5 skuledagar skal godkjennast av rektor.

c) Studiearbeid som er godkjent av faglærar eller rektor, skal ikkje bli rekna som fråvær.

d) Eleven bør føra si eiga fråværsbok. På den måten vil elevane få større ansvar for sin eigen arbeidssituasjon og eiga læring.

e)  Stort fråvær, uansett grunn, kan føra til at ein  manglar grunnlag for å gi vurdering med karakter.


1.3 Undervisningsutstyr:
Eleven har ansvar for å skaffe seg alt nødvendig undervisningsmateriell, og å bruka t.d. gym-tøy, verneutstyr i fag der dette er eit krav.


1.4 Ordenselev:

Klassestyrar har ansvar for å setja opp liste over ordenselevane i klassa. Ein skiftar ordenselev kvar veke. Ordenseleven si oppgåve er å opna vindauge i friminuttane, vaska tavla og elles hjelpa til med å halda klasserommet fint og ryddig. Vikar for ordenselev er den som hadde dette oppdraget veka før.


1.5 Oppslag:

Elevar og interessegrupper ved skulen skal bruka dei oppslagstavlene som står til rådvelde for dei. Inngangsdøra skal ikkje brukast til oppslag. Alle oppslag skal godkjennast og stemplast av skulen.


1.6 Vanleg orden og høveleg framferd:

 a) Eleven skal vera med å skape trivsel og arbeidsglede og ta omsyn  til dei andre på skulen.

b)  For å skapa trivelege arbeidsforhold er det viktig at alle er med på å halda det  reint og ryddig på skulen og skuleområdet.


1.7 Rusmiddel, tobakk, snus.

a)  Det er totalforbod mot alkohol og andre rusmiddel. Det er forbode å ha med seg og bruke rusmiddel, eller å vera påverka av rusmiddel på skulen. 

b)  Framnes legg vekt på eit røykfritt miljø. Det er derfor berre lovleg å røykja på ein tilvist plass på skuleområdet.

c)  Det er forbudt å nytte snus i skuletimane.


1.8 Dans/diskotek:

Dansetilstelling/diskotek er ikkje tillate på skulen.


1.9 Kontakt og samarbeid mellom skule og heim:

 Foreldre er alltid velkomne til å ta kontakt med skulen. I tillegg vert det arrangert foreldrehelg to gonger i året, ei samling om hausten og ei om vinteren/ våren. Det vert då sett av tid til samtale med personalet ved skulen. Det vert arrangert eit foreldremøte for kvar klasse der foreldra vel ein representant (og ein vara) til å møte i foreldrerådsutvalet.

 

2. BROT PÅ SKULEREGLEMENTET


2.1 Tiltak og sakshandsaming:

a) Ein ser det som sjølvsagt at alle elevane gjer sitt beste for å skapa eit positivt læringsmiljø i klassa. Dersom dette ikkje skjer, og det oppstår konfliktar, skal læraren først prøva å løysa forholdet i dialog med den eleven det gjeld.

b) Dersom det ikkje lar seg gjera å ordna forholdet på lågaste nivå, blir eleven sendt til inspektør/rektor som kan gi påtale og/eller åtvaring.

c) Dersom ein umyndig elev bryt reglementet på same eller liknande måte som han tidlegare har vorte refsa for med påtale, kan skulen senda skriftleg melding om dette til foreldre og føresette. Det same kan skje dersom eleven blir stengd ute frå undervisning resten av dagen.

d) Dersom ein elev i lengre tid viser ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro, eller når ein elev i alvorleg grad forsømmer pliktene sine, bryt skulen sine reglar eller gjer noko straffbart, kan rektor stengja eleven ute frå skulen i opp til 5 dagar.

e) Oppbevaring og bruk av stoff/narkotika vil bli meldt til politiet og eleven vil bli vist bort frå skulen.

f) Bortvising kan ankast til Fylkesmannen.

g) Fylkeskommunen kan i svært alvorlege tilfelle visa eleven bort frå resten av skuleåret. Då er departementet klageinstans.

h) Når det gjeld sakshandsaminga og dei rettane og pliktene som eleven, foreldre/ føresette og skulen har, viser ein til Forvaltningslova kap. IV og VI, Privatskulelova § 3.10.

i) Før eventuelle refsingstiltak vert avgjort, skal eleven ha høve til å forklare seg overfor den som skal ta avgjerda.

 

 

Orientering om fråvær etter nytt rundskriv frå UDIR (udir-3-2016) gjeldande frå 1. aug. 2016:

Fråvær
Alt fråvær blir i utgangspunktet ført som fråvær, og det blir ståande på vitnemålet med dagar og timar, fordelt på dei tre åra. Sjølv sjukdom og anna ”lovleg” fråvær blir ført som fråvær. Elevane skal ha si eiga meldingsbok/fråværsoversikt der fråværet blir ført. Denne fråværsoversikta må jamleg kontrollerast opp mot kontaktlærar sin fråværsprotokoll/iSkole, og evt. avvik må oppklarast. Dersom ein elev ikkje har ei ryddig fråværsoversikt er det fråværsprotokollen som blir gjeldande.
Alt fråvær skal dokumenterast.
Meir enn 20 min. for sein til time blir definert som fråvær frå timen.
Det er to typer fråvær: A) Dokumentert/gyldig fråvær og B) Udokumentert/ugyldig fråvær:

A)    Dokumentert fråvær:
a.    Fråvær som blir ståande på vitnemålet: Dersom ein elev er sjuk skal skulen ha melding om det. Internatbuarar kontaktar internatavd. seinast kl. 08. Heimebuarar eller hybelbuarar gir beskjed til resepsjonen eller kontaktlærar.
Planlagt fråvær må søkjast om på førehand, seinast kl. 12 dagen før fråværet. Søknaden skal skrivast på eige søknadsskjema (som ligg på It’s learning). (For fråvær på meir enn 2 dagar er søknadsfristen 1 veke.)
Faglærar kan godkjenne slikt fråvær frå sine timar.
Kontaktlærarar og rektor kan godkjenne fråvær for 1 - 5 dagar.
Rektor kan godkjenne fråvær for meir enn 5 dagar.
For elevar under 18 år må fråvær over 2 dagar godkjennast av føresette.
I spesielle tilfelle der eleven har gyldig grunn, men ikkje kan søkje på førehand, kan fråværet bli godkjent som gyldig i etterkant. Eleven må då søkje på same skjema innan ei veke etter siste fråværsdag.

b) Særfråvær/ Fråvær som ikkje blir ståande på vitnemålet: Det er to typar særfråvær:

1) Noko fråvær blir ikkje ført som fråvær. Det er: Elevrådsarbeid, time hos skulen sin lege/PPT, samtale med adm., rådgjevar eller sosiallærar. (Skal så langt råd er leggjast til fritimar.) I tillegg skal ekskursjon i eit fag som fører til fråvær i andre fag ikkje førast som fråvær.

2) I tillegg kan kontaktlærar, etter søknad, trekke frå opp til 10 dagar ved:
o    arbeid som tillitsvald, politisk arbeid og hjelpearbeid (regionalt eller nasjonalt nivå),
o    lovpålagt oppmøte (som t.d. sesjon),
o    helsegrunnar som t.d. kroniske sjukdomar, langvarig sjukdom og lege/tannlege/ psykolog. Ved langvarig sjukdom blir dei tre første dagane ståande som fråvær, men frå dag fire kan slettast. (Elevar med kronisk sjukdom/ funksjonshemming kan slette frå dag ein.)
o    velferdsgrunnar som td, gravferd, idrettsarrangement, religiøse høgtider for elevar som er medlemmar i andre trussamfunn enn Den Norske Kyrkja, og anna velferdsfråvær godkjent av rektor eller kontaktlærar. 
o    privatisteksamen (med ein lesedag før), teorieksamen og oppkøyring til førarkort. (”Vanlege” køyretimar er fråvær.)
o    for Vg3: Opp til 2 dagar ved hospitering/intervju til høgskule/universitet.
o    Fråvær som er heilt uforskyldt kan òg vurderast i denne kategorien.
o    Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar. Det betyr at viss ein har vore borte i 4 timar, så må ein velje om ein vil ha 4 timar fråvær eller bruke ein av dei 10 dagane.
(Ved uklarheiter kan saka leggjast fram for Und.insp.)
I tillegg til desse 10 dagane, ved heilt ekstraordinære høver, kan elevar søkje om fritak frå undervisninga utan at det blir ført som fråvær. Dette kan t.d. vere idrettsutøvarar på toppnivå som treng meir enn 10 dagar fri. Det må då inngåast avtale om sjølvstendig studiearbeid.

Korleis dokumentere fråværet?
•    Fråvær som skyldast helsegrunnar kan ikkje dokumenterast med eigenmelding frå foreldre eller myndige elevar, men må vere dokumentert med legeerklæring eller andre sakkyndige instansar. Ved klare symptom på sjukdom kan internatavdelinga godkjenne fråværet.
•    Elevar med kroniske sjukdomar (som er dokumentert med legeattest) kan skrive eigenmelding ved sjukdom. Fråværet skal også rapporterast til internatavdelinga. Viss internatavdelinga er i tvil om fråværet har noko med den kroniske sjukdomen å gjere kan ein krevje nærare dokumentasjon.
•    Heimebuarar må skaffe legeattest eller attest frå anna sakkyndig instans.


B)    Udokumentert/ugyldig fråvær: Alt fråvær som ikkje er sjukdom, søkt om på førehand, eller godkjent i etterkant, blir definert som ugyldig. Ugyldig fråvær fører til merknadar i orden. (Som gyldig fråvær når det gjeld orden er nok men eigenmelding.)  Sjukdom, og evt. anna fråvær som kan godkjennast som ”gyldig” i etterkant må dokumenterast for kontaktlærar seinast ei veke etter fråværet. Etter ei veke (utan å bli godkjent) blir fråværet merka som ”ugyldig”.

Kva skjer ved stort ugyldig fråvær?
Frå 1. aug. 2016 er det med rundskriv Udir-3-2016 innført ei grense på 10 % ugyldig fråvær. Viss ein elev har meir enn 10 % udokumentert/ugyldig fråvær i eit fag har ein ikkje rett til å få halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget. (I heilt spesielle tilfeller kan rektor velje å likevel gi karakter ved opp til 15 % udokumentert fråvær.)
•    Eleven (og foreldre) skal varslast «utan ugrunna opphold» når grensa på 10 % nærmar seg, og ein står i fare for å ikkje få vurdering.
•    Sjølv om ein mister retten til vurdering i faget har ein fortsatt rett og plikt til å møte til undervisninga og få undervegsvurdering.
•    Ein elev som har for stort fråvær første halvår, og som ikkje får karakter då, kan likevel få standpunktkarakter viss han/ho på slutten av året ikkje har meir enn 10% fråvær for heile året. Men det motsatte kan òg skje: At eleven har så stort fråvær i 1. halvår at ein overstig 10% for heile året.
•    Viss ein har så stort fråvær at ein ikkje får karakter i faget kan ein søkje om å slutte i faget og ta faget som privatist. Men då må ein søke skriftleg til rektor. Rektor kan gjere eit slikt enkeltvedtak ved særlege grunnar. Eit slikt enkeltvedtak innebær òg at ein endrar status frå heiltidselev til deltidselev, noko som fører til at stipendet frå lånekassa blir redusert. Eleven har sjølv ansvar for å melde seg opp som privatist ved privatistkontoret. Etter oppmelding til privatisteksamen mister ein retten til å møte til undervisning.

Eleven kan òg søkje kontaktlærar om å få føre på vitnemålet grunnen for fråværet. (T.d. førarkort, reisedagar, sjukdom.) Men slikt fråvær må vere dokumentert og godkjent av kontaktlærar på iSkole eller frå kjørelærar. (Det går ikkje automatisk over frå iSkole.)

På It`s learning ligg eit eige skema for alle typer fråvær.