karriereNYFramnes skal gje eleven:
* Rådgjeving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
* Oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
* Oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
* Opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
* Informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
* Opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.
* Eleven skal gradvis bli bevisst sine eigne interesser, dugleikar og verdiar, og få kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om yrkes- og utdanningsval. Rådgjevinga skal også utvikle eleven sine evner til å vurdere moglege konsekvensar av val og førebyggje feilval. Frå 8.-13. årstrinn skal rådgivinga leggjast opp som ein prosess.
* Utdannings- og yrkesrådgjeving skal vere eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skulen, og skulen skal så langt det er mogleg og hensiktsmessig trekkje inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon og tilbod om rådgjeving om yrkes- og utdanningsval. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnerskap for karriererettleiing og heimen.