Carthage
Frk. Synnøve Aarskog frå Fitjar var saman med omlag halvparten av elevane på Framnes sin studietur til Tunisia i dag på utflukt til den tapte byen Karthago eller Carthage som han heiter på fransk. Tunisiabloggen møter henne seint på kvelden, den siste i Tunisia, og spør forsiktig om ho kunne tenkja seg å seia nokro velvalde ord om korleis ho opplevde dagen som var samansett av blant anna eit Romerbad, ein by der andre fargar enn blå og kvit var forbudt, og eit colusseum der nokre av dei mest kjende martyrane i urkyrkja vart drepne. –Kvifor valde du samen med så mange Framnesingar å bruka så mykje som 350 kr på ein frivi
lleg dagstur til ein ruinby? –Det høyrdes kjekt ut og så var jo misjonærane med, og eg ønska å høyre meir frå dei og oppleva meir av Tunisia i staden for å berre vera på hotellet å slakka, seier den framifrå Fitjarjenta. -Kva var det beste med turen? – Å besøkja colusseumet og høyra vitnespyrda til Perpetua og Felissia. –Kvifor utmerka dette seg? -Dei blei drept fordi dei var kristne men var likevel sterke i trua og lovpriste Gud mens dei venta. Det var spesielt å vera på den plassen der dei vart kasta til løvene og synga Navnet Jesus saman der, legg ho til engasjert. Eit siste spørsmål før heimreise: -Gler du deg til å koma heim no? -Nja, eg føler me har gjort veldig mykje på desse 10 dagane, og det blir nok godt å koma heim men eg skulle ønskja me kunne vore her lenger å blitt meir kjend med kulturen og Tunisia og ikkje berre susa rundt som turistar. Men Norge er bra det, svarar ho smilande.
Utanom Karthago har nokre idag sett nærare på botnen av Middelhavet. Det ligg eit stort korallrev like utanfor Monastir der me bur og underteinka kan etter å ha sett eit ukjent antal fisk og blekksprut skriva under på at dykking i Noreg ikkje kan samanliknast med dykking i varmare farvatn.
I morgon vender me snuten heimover og tar bokstavelig talt av klokka 14 og reknar med å vera tilbake til Framnes 03.30 fredag morgon, for så å møta til undervisning klokka 12.
Tunisiabloggen takkar for seg for denne gong og vonar sjølvsagt det vert ny regjering og dermed også fleire turar. Til alle de som skulle ønskja det var meir bilete på bloggen orsakar me dette, men hastigheten på internettet i Tunisia er ikkje som i Noreg og dette gjer det noko vanskeleg å publisera store mengdar og samtidig få tid til andre ting. Din håpefulle har nok både bilete og historiar til deg når me kjem heim og Framnessida vil nok også flomma over.
Fred ut frå Tunisia!