Day off off my shoulders

Tunisia2 022Etter nokre timar i Fridom la me oss i går kveld til dundrande tordenbrak og vakna i dag tidleg til våt asfalt på ein ellers fredeleg søndag. Sjølv om Tunisia i prinsippet er eit muslimsk land og dei difor ganske enkelt ikkje held kviledagen heilag har me i dag hatt kviledag, eller fridag trur eg me kaller det. Folk har bada, shoppa, kost seg og slappa av; det er jo tross alt haustferie. Underteikna har blant anna oppgradert si 5-kronersklokke til ei vaskeekte Rolex, skal me tru arabaren som selde henne. Alle kan nok skriva under på at ein fridag gjorde godt før me i morgon saman med Ichtus Travel skal vitja dei få  “kristne” plassane i dette ellers så andeleg mørke landet. Rapport dit frå kjem imorgon, no er det kveldssamling og Ranveig som for øvrig fylte år i går skal dela. Blesses from Tunisia.

Kommentarar
  • Gunhild:

    Eg har lest litt innpå her innimellom, og det ser ut som om dokke har ein nydelig tur. Så bra! :D
    Dokke må virkelig nyta kvar einaste dag resten av turen!

    Hilsen her himanfra.. (og me har forresten veldig fint vêr desse dagane me o, så d så!) :)

Legg inn ein kommentar