FRIdag på FRIdomen sitt hotell
Den første skikkelege soldagen etter at me kom til Liberty resulterte i at mange enda opp
ved bassengkanten eller på stranda store delar av dagen. Lisbeth presiser at særs mange bølga seg på stranda medan andre segla paragliding. Dette resulterte i enkelte vel grilla legeme. Elles har mange elevar delteke på diverse konkurransar og fritidsaktivitetar på hotellet, med der til egna premiar, medan nokre har “gifta” seg inn i den Tunisiske kulturen på “Tunisisk aften.” Andre fekk på grunn av same aften panikk då dei fann ut at dei ikkje fekk sin etterlengta pizza til middag, men måtte nøya seg med “National Dishes” som i stor grad var sett saman av couscous.
Kveldsamlinga vart i dag halden av Marianne, som for tida jobbar med turisme i Sousse med føremål å nå Tunisiarane med evangeliet. Ho fortalde sitt vitnespyrd og delte av dei erfaringane dei har gjort seg etter omtrent 10 år her i araberland. Dei fokuserer på å skrapa Jesus fri for kultur og ganske enkelt berre gje arabarane Jesus ut i frå deira eigen Koran og vår Bibel slik at dei kan ta Han i mot i sin kultur og vera vitne der dei er.
I morgon reiser ein gjeng til Kartago og Tunis for å oppleva den delen av Tunisia medan nokre skal ut å dykka for første eller for ente gong. Rapport kjem uansett. Adios.