Gudshus
Eigentleg skulle me berre vitja 2 gudshus i dag: ei katolsk kyrkje og synagogen i byen Sousse. Me var innom begge desse og gjekk også forbi ein moskè samt at me priste Gud saman med nokre innflytta kristne i ein ombygd garasje. 4 gudshus vart det altså, pluss eit kjøpesenter då, som ofte vert omtalt som vår materialistiske kultur si kyrkje. Uansett, 33 jødar er det i byen Sousse, endå meir skremande er det berre 30 kristne. I heile Tunisia reknar ein med at det til saman er omlag 300 kristne. I eit land med eit inbyggjartal på mange millionar set dette ting i nokolunde perspektiv og viser oss uvitande nordmenn kor heldige me er som får leva i eit fritt land og praktisera trua vår utan at nokon blandar seg inn og freistar å stoppa oss.
I dag fekk me sjå den sida av Tunisia som ingen snakkar om, som ingen kjenner til eller vil vita av. Me fekk sjå små glimt frå den tida då kristendommen var så ”sterk” at heile 5000 kristne vart drept som martyrar og gravlagd i katakombene berre her i byen Sousse. Me vart fortald og vist at Jesu navn ein gong har vore løfta opp over heile Tunisia. Dei som fortalde oss dette har eit hjarte og ein draum om at dette på ny skal hende, og har overgitt liva sine til det. Når me fortsatte vår ferd inn shoppinga og badinga var det både oppmuntrande og utfordrande å ha vore med på dette først.