FRAMNES VGS
  • Heim
  • Fag
    • Idrettsfag
      • Idrettsfag VG1
      • Idrettsfag VG2
      • Idrettsfag VG3
    • Studiespesialiserande
      • Studiespesialiserande VG1
      • Studiespesialiserande VG2
      • Studiespesialiserande VG3
  • Søk elevplass
    • Det er gode grunnar til å søke!
    • Søknadsskjema
      • Online søknadsskjema
      • Papir
      • Særskildt grunnlag
  • Om Framnes
    • Om Framnes
    • Internata
    • Skuleruta
    • Fritid
    • Fritidstilbod i Kvam
    • Prisar
    • Skulereglement
      • Orientering om fråvær
    • Internatreglement
    • Miljøavdelinga
    • Informasjon til foreldre
    • Webkamera
    • Vêret
    • Ledig stilling
  • Nytt
  • Karriere
    • Karriere
    • Kva er karriere?
    • Kvifor karrierevegleiing?
    • Karrierevegleiing på Framnes
  • Misjonsprosjektet
    • Misjonsprosjektet
    • Årets misjonsprosjekt
    • Tidlegare misjonsprosjekt
  • Elevlaget
    • Elevlaget
    • Elevstemna
    • Foto frå elevstemna
    • Ljosglytt
  • Kontakt
    • Kontakt
    • Tilsette
43131043_1281006992041079_5029023815871496192_o
20 09 2018

Kloke ord frå Lippestad

2. oktober var elevar og tilsette frå Kvam vidaregåande skule og Framnes kristne vidaregåande skule samla i Framnes Arena for å høyra advokat Geir Lippestad snakka om temaet «Menneskeverd – finst det eit ytterpunkt for toleranse?»
Arrangementet var ein del av «Kvammaveko», som markerer Verdensdagen for psykisk helse gjennom ei heil veke med ulike arrangement.
Også politikarar og folk frå administrasjonen i Kvam herad deltok på føredraget.
Tilhøyrarane vart utfordra av Lippestad til å vera bevisste på kva verdiar ein står for, og at ein tek verdiane i bruk når ein vert utfordra. Han snakka på ein direkte, personleg og klar måte om rettstryggleik, menneskeverd og det å vera raus med seg sjølv og andre. Han tok utgangspunkt i utfordringar i sitt eige liv, mellom anna situasjonen då han vart spurd om å vera forsvarsadvokat i rettsaka etter terrorhandlinga 22. juli 2011. Hans eigne verdiar, synet på menneskerettar og menneskeverd vart utfordra.
Det var nærare 600 menneske i Framnes Arena, og det var tydeleg at føredragshaldaren snakka frå hjarte til hjarte.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Fokus på søvn, kosthald og aktivitet

Related Posts

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

News

Søkelys på det amerikanske samfunnet

dag haugeto stang - 1

News

Livsnære seminar om sex og samliv

News

Foreldrehelga 9. februar

Recent Posts

  • OLYMPUS DIGITAL CAMERASøkelys på det amerikanske samfunnet
    15/02/2019
  • dag haugeto stang - 1Livsnære seminar om sex og samliv
    22/01/2019
  • foreldrelaurdag 1 1Foreldrehelga 9. februar
    09/01/2019

Latest Tweets

→ Follow me
FRAMNES VGS
Webdesign: Lars Arvid Oma