Foreldrehelga 9. februar
Kjære alle foreldre/føresette!
Takk for sist til alle som var på Framnes i haust – og velkomen til ny foreldredag laurdag 9. februar 2019. Programmet finn du lenger nede i denne teksten.
I haust hadde me ei lang klassesamling og noko kortare fellessamling. Om vinteren har me ei kortare klassesamling (ca 1time) og noko lenger fellessamling (ca 1,5 time).
Både samtalane i klassen og den einskilde samtale med kontaktlærar eller andre tilsette, er viktig. Kontaktlærar vil ta opp aktuelle tema for klassen og det også høve å ta opp andre tema i det same foraet. Ta kontakt med dei dersom det er noko de vil ta opp. Når det gjeld den einskilde samtale, melder de dykk på direkte, til den/dei de vil snakke med. (Sjå vedlegg). De må melde dykk på i god tid dersom de har behov, til dømes til eit spesielt klokkeslett innan fredag 1. februar 2019.
Det er svært viktig både for skulen og elevar at me har ein god dialog med heimen og me vonar å snakke med mange av dykk. Me oppfordrer særleg foreldre/føresette som ikkje var til samtale i haust om å nytte høvet denne gongen. Dette er ein av måtane me kan hjelpe kvarandre til å nå måla for opplæringa på beste måte!
Det er mange som nyttar høvet til å betale for maten over giro. Det seier me takk for! Me ønskjer å halde fast på denne ordninga og ber om at besøkjande betaler for middag over giro. Kontonr og prisar er på neste side.
Vel møtt!
Med helsing
Framnes kristne vg. skule
Harald Voster
rektor
PS: Interesserte kan ta med badetøy. Me reknar med at misjonsprosjektet arrangerer ope basseng.
Program for dagen vert slik:
(Me opnar for servering av middag kl 13 for vg3. Dei andre klassane kjem etter klassemøtet).
Kl. 08.00 – 11.15 Undervisning for alle elvane
Kl. 11.30 – 13.00 Fellesamling i Framnes Arena
Ord for dagen, elevinnslag og orientering
NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3:
VG1-VG2
Kl 13.05 – 14.05 Klassemøte (foreldre og elevar) for alle klassane (leia av kontaktlærar og foreldrerepresentant)
Kl 14.10 – 18.40 Elevar m/foreldre kan møte kontaktlærar el. andre
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar (sjå vedlegg)
VG3
Kl. 13.00 Middag
Kl. 13.30 – 14.30 Klassemøte for elevar og foreldre, leia av kontaktlærar og foreldrerådsrepr.
Stad: klassen sitt klasserom.
Kl. 14.30 – 18.40 Elevar
m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre tilsette.
Påmelding skal
skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg!
GJELD ALLE KLASSETRINN
Kl. 15.30 – 17.30 Foreldrerådsmøte – rom 7. (Me kan slutte tidlegare, dersom me vert ferdige.)
Kl. 20.00 – 21.30 Samling i Peisestova (Ansvarlig Miljøavd. og Misjonsprosjektet)
Måltider:
Kl. 13.00 – 15.00 Middag
” 19.00 – 19.45 Kvelds
Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert)
Vaksen: 100,-
Born: 50,-
Familie: 200,-
NB! Me bed om innbetaling til kontonr 3000.17.21034. Merk betalinga: Mat foreldredag
Frist for betaling 16. februar.
Kafè i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet
Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga. (Familie kan sjølvsagt bu på elevrom.)
Treng de overnatting, kan de kontakta:
Oddland camping, Vikøy tlf 90 79 55 52
Torbjørn Vågen, rom – og hytteutleige, Vikøy « 56 55 25 21/90 93 40 06
Thon Hotel Sandven, Norheimsund « 56 55 20 88