Søkelys på det amerikanske samfunnet
Framnes hadde i dag besøk av språkprofessor Rebekah Buchanan frå Western Illinois University i USA. Ho var mellom anna innom engelsk-klassen på Framnes der ho hadde føredrag om dagsaktuelle tema i det amerikanske samfunnet. Ho hadde også føredrag for lærarstaben.
Innsyn i USA
Buchanan kom til Oslo i august i fjor i samband med utvekslingsprogrammet Fulbrigt Norge, og skal vera i Noreg i eitt år, med ei lang rekkje besøk ved norske skular, både grunnskular og i vidaregåande, på programmet. Ho snakkar med elevane om amerikansk historie, politikk, kultur og samfunn. Samstundes som norske elevar får innblikk i det amerikanske samfunnet, får dei også språkerfaring.
Engelsklærar Gry Engeseth har brukt undervisingstilbodet frå Fulbright i ei årrekkje.
– Tilbakemeldingane frå elevane tydar på at besøket har vore ein suksess, seier Engeseth.
Kombinasjonen av samfunnskunnskap, sosial kontakt og språktrening er verdfull.
Tradisjonsrikt
Fulbrigt foundation vart etablert rett etter andre verdskrigen og i 1949 vart Noreg ein del av utvekslingsprogrammet innan utdanning og kultur. Sidan starten har 1.700 amerikanarar og 4.600 nordmenn delteke i det gjensidige utvekslingsprogrammet. Kvart år får 40 nordmenn stipend for å studere, undervise eller forske i USA. På same måte får 25 amerikanarar gjere det same i Noreg, årleg.
– Eg har allereie reist landet på kryss og tvers, frå Nordkapp og Honningsvåg i nord til Kristiansand i sør, frå svenskegrensa i aust til Bergen i vest – og langs kysten. Opphaldet har vore storarta, eg elskar å reise, fortel ho.
Ho vaks opp i Minnesota, i eit område med mange norskætta amerikanarar – folk som ofte er meir glade i Noreg enn nordmenn. Buchanan bur i Illionois, der ho underviser i engelsk for lærarstudentar. Ho underviser også i profesjonell skriving. Tidlegare underviste ho ved amerikanske vidaregåande skular.
Engelskprofessoren hadde ikkje vore i Noreg før ho reiste over Atlanteren i august i fjor, saman med familien, til Oslo. Dei to borna hennar har fått intensiv språkopplæring og får no undervisning i vanleg norsk grunnskule.
Ho legg ikkje skjul på at ho har sansen for det skandinaviske sosialdemokratiet, der alle får tilgang på dei same samfunnstenestene.
Kritisk
Under møte med elevane snakka professoren om Donald Trump, nedstenginga i delar av den amerikanske administrasjonen og kampen om muren mot Mexico – og korleis dette påverkar det amerikanske samfunnet. Buchanan skildra følgjene av Trump sin innvandringspolitikk, og kva dette har å seia for mange born og unge mellom innvandrarane frå Mexico – mellom anna korleis born er blitt skilde frå foreldra sine.
– Står du i fare for å bli politisk?
– Når eg underviser på universitetet heime legg eg vekt på å vera nøytral, med tanke på at eg har studentar frå ulike trussystem og ulike politiske retningar. Her i kjenner eg meg friare – samstundes som eg prøver å få fram det som faktisk skjer i USA på ein balansert måte.
Hennar private meining er klar:
– Eg håpar USA får ny president om to år. Men sjølv med ny president, og ein ny kurs, blir det mykje å rydda opp i, ikkje minst i forhold til andre nasjonar, seier ho.
Minner om amerikansk skule
– Visste du noko om Framnes før du kom hit?
– Nei. Det viktig for meg å komme raskt i gang med reisene i Noreg for å bli kjend med dei ulike skulane. Dette er den første private internatskulen eg har besøkt så langt. Norske vidaregåande skular og highschools i USA er ulike, men etter den korte tida eg har vore her syns eg Framnes liknar litt på amerikanske skular, ikkje minst på grunn av aktivitetstilboda på fritida. Det er meir vanleg at skulane skapar fritidsaktivitetar der eg kjem frå, noko som fører til meir sosialt samvære på fritida. Det gjer at elevane vert meir kjende med kvarandre og lærer samspel, gjerne gjennom aktivitetar som for eksempel baseball. Ved mange norske skular har eg inntrykk av at elevane møter på skulen, gjennomfører skuledagen og reiser heim eller på hybel – og så skjer aktivitetane deira borte frå skulen. Det er ganske ulikt den amerikanske modellen. Samstundes er eg tilhengar av den norske skulen, som har mange positive trekk, mellom anna fleire pausar mellom undervisingsøktene. Det trur eg har noko for seg, seier ho.
Nyansar
– Kva bodskap har du med deg til elevane her på Framnes?
– Eg ynskjer først og fremst å lære dei meir om USA, og korleis samfunnet blir påverka, mellom anna av den innvandringspolitikken som vert ført no. Eg prøver også å formidla ungdomskulturen og den amerikanske populærkulturen, og at landet vårt er meir enn det ofte fjernsyn og film formidlar. Me har til dømes mange små samfunn, akkurat som her. Det er viktig for meg å få fram kor variert USA er, seier ho.
Tekst og foto: Lars Arvid Oma