Framnes Arena

Den nye idrettshallen, Framnes Arena, vart innvigd i slutten av juni 2017 og vart teken i bruk hausten same året.
Den topp moderne og  godt utstyrte hallen er eit stort og viktig «løft» for Framnes KVGS, ikkje minst for idrettsundervisinga. Men hallen er også blitt ei viktig «storstove», godt eigna for større arrangement; som opningsfestar, foreldrelaurdagar, open dag-arrangement, talentiadar og revyar. Hallen er også flittig brukt av elevane på fritida.


Idrettshallen har standard handballbane med parkett (44×23), og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke. Hallen er også utstyrt for volleyball.
I tillegg har hallen nytt styrkerom på 170 kvadratmeter.
Det er fire garderobar for elevane og to lærar/dommar-garderobar, kjøken/pølsebod, foaje på 170 kvadratmeter, og klasserom med staseleg utsikt mot Hardanger-landskapet.
Den nye teleskoptribunen har 464 stolar, og tribunen på galleriet 165. Med andre ord, det er sitjeplass til 629 personar!


Framnes Arena er den første idrettshallen i Noreg som tok i bruk krøllgras utan den vanlege gummikule-dempinga. I staden vert det nytta gummimatte under krøllgrasduken. Den nye teknologien er allereie teken i bruk internasjonalt, og vart til dømes nytta under VM i innandørsfotball i USA i 2015.
I området rundt hallen er ein gang med å laga park, fotballbane og ny sandvolleyballbane. Ein del av området rundt hallen skal disponerast i lag med det lokale grendelaget.


Hovudentreprenør for bygginga var Brødrene Ulveseth AS. Studieinspektør Odd Inge Austevoll ved Framnes KVGS var tidleg engasjert i prosjektet og leia arbeidet og framdrifta med stø hand fram til fullføring i 2017.