Skip to content
Har du lyst til å jobbe på Framnes?

Har du lyst til å stelle i stand god mat for elevane våre? No har du sjansen: Framnes søkjer etter kokk i fast 100 prosent stilling. (sjå annonse på høgre side)

Når det ikkje er ledige stillingar: Dersom du kan tenkje deg å arbeide på Framnes i framtida så må du gjerne ta kontakt med oss!

Kort info om skulen:

Framnes vart grunnlagd 1897 og ligg ved den vakre Hardangerfjorden, 4 kilometer utanfor kommunesenteret Norheimsund. Framnes er i dag ein vidaregåande skule godkjent for idrett og studiespesialisering. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen er godkjent for 270 elevar, og opptil 235 av desse kan på skulen sitt internat. Skulen har 60 tilsette.